LESERINNLEGG:

Eivind Hasle
Eivind Hasle

Nostalgi

Publisert Sist oppdatert

Barndommens rike står høgt i kurs
og mange vil helst ikkje miste kontakten med det.
Men når biblioteket i Surnadal kommune
ikkje lenger ser seg råd til å abonnere
på lokalavisa «Sør-Trøndelag» («eller Søra»)
blir grensegjerdet mellom kommunar og fylke høgare
og for mange av oss
kontakten med barndommen og ungdommen
vesentleg vanskelegare.

Aldri har vel avisa hatt meir stoff frå Rindal og Halsa?
Ønskte då ikkje Surnadal å styrke kontakten over fylkesgrensa?

Eivind Hasle
Surndaling med kjensleband til Løkken