LESERINNLEGG:

Støtte, ros og takk til dei tilsette ved sjukeheimskjøkkenet i Surnadal

Publisert

Gjennom mange år har dei tilsette ved kjøkkenet ved Surnadal sjukeheim utført framifrå tenester under kjøkkensjef Albert Brouwer si dyktige leiing. Dette skulle det ikkje herske nokon som helst tvil om, slik eg kjenner til forholda.

Albert Brouwer sluttar i stillinga som kjøkkensjef ved Surnadal sjukeheim i nær framtid, 31. mai. Eg har lenge vore kjend med at kjøkkensjefstillinga ikkje blir lyst ledig når Brouwer sluttar. Eg meiner det er svært viktig å ha ein fast tilsett kjøkkensjef ved Surnadal sjukeheim. Denne utfordringa tok eg opp i eit innlegg under budsjettbehandlinga i Surnadal kommunestyre sist haust. Dette vil kunne dokumenterast. Vidare tok eg opp dette spørsmålet under spørjekvarteret i siste møtet i Surnadal kommunestyre 28. april i år. I ein kommentar til spørsmålet mitt sa kommunedirektøren at stillinga ville bli lyst ut, utan at det blei nemnd noko om når dette skulle skje.

Surnadal eldreråd har gjennom mange år vedtatt ei liste over saker som eldrerådet har prioritert å arbeide med. For året 2021 har lista 10 saker. I sitt møte 3. mai vedtok eldrerådet samrøystes eit nytt punkt nr. 2. Det nye punktet lyd slik: «Eldrerådet vil arbeide for å få lyst ut stillinga som kjøkkensjef ved Surnadal sjukeheim snarast råd er. Eldrerådet ser på denne stillinga som viktig når det gjeld å oppfylle kvalitetsreforma «Leve hele livet» sine intensjonar når det gjeld mat og måltid for eldre. Ein viser til handbok frå Helse- og omsorgsdepartementet side 16.»

Det er all grunn til å gi alle som jobbar på kjøkkenet ved Surnadal sjukeheim stor støtte, ros og takk for framifrå arbeid. Dette gjeld i høgste grad kjøkkensjef Albert Brouwer, som no skal slutte 31. mai i år.

Johs. J. Vaag

Powered by Labrador CMS