LESERINNLEGG:
Grenselaus rusmiddeltilgang?
Kommunestyret i Surnadal startar det nye året 10/2-2026 med mellom anna ei rekke saker som gjeld sal og skjenking av alkohol. Det dreier seg ikkje berre om hotellet og etablerte sals-og skjenkestader, men og om sal av lokalprodusert øl, om utviding av skjenkeareal, og om ei rekke enkeltarrangement rundt om i kommunen. I tillegg dreier det seg om alkoholskjenking på ei rekke arrangement på det gamle fråhalds- og ungdomslokalet Trudvang, i direkte konkurranse med arrangement som hotellet har drive med i mange år. Etter den ruspolitiske handlingsplanen frå 2025 har Surnadal heile 8 etablerte salsstader for alkohol, og 12 skjenkestader for alkohol.
Kristiansund og Indre Nordmøre er den delen av Møre og Romsdal der bruken av rusmiddel er størst. Og vi veit at det er klar samanheng mellom bruken av alkohol, og bruken av illegale rusmiddelI som til dømes cannabis, kokain og heroin. I tillegg veit vi at det er samanheng mellom bruken av rusmiddel, og talet på arbeidstakarar som ramlar ut av arbeidslivet eller blir ustabile arbeidstakarar. Alle politisk interesserte i kommunen burde etter mitt syn vere opptatt av å ta best mogleg vare på innbyggarane sine, både dei unge, men også unge og eldre arbeidstakarar. Det gjer ein ikkje med uhemma og ukritisk tilgang på rusmiddel. Mange med meg har fått med seg at det generelt er bekymring over at det er så mange i samfunnet vårt – også unge - som av ulike grunnar står utanfor arbeidslivet.
Etter mitt syn er det ei svakheit ved den ruspolitiske handlingsplanen i Surnadal at det ikkje er gjort noko forsøk på å sette tak eller avgrense auken i alkoholbruken og talet på sals- og skjenkeløyve for alkohol. Både WHO og regjeringa har formulert ambisjonar om å redusere bruken av rusmiddel, men samtidig er det tydeleg at det er sterke og kortsiktige interesser som ikkje har problem med å overkøyre synspunkt som gjeld folkehelse og god familie- og næringspolitikk. Etter mitt syn er ein grenselaus rusmiddeltilgang ikkje til beste for innbyggarane og eit godt liv for alle i Surnadal kommune.
Eivind Hasle
Fylkesleiar i Actis, M & R 2012-17