LESERINNLEGG:
Framsnakking av Surnadal
Silje Ranes har oppretta Facebook-gruppa «Framsnakking i Surnadal, Rindal og Halsa». Ranes seier det slik: «Eg ville lage en arena for positivitet, takknemlighet og framsnakking. Vi trenger å se etter det som er bra rundt oss, og løfte det fram». Bakgrunnen var ei bølgje av harde ordskifte og personangrep i Facebook-gruppa «Aktuelt i Surnadal». Silje Ranes bestemte seg med bakgrunn i dette for å ta til motmæle. Stor ros til Ranes for tiltaket.
For eigen del kom min familie og eg til Surnadal sommaren 1980. Det eg spesielt har merka meg er det rike frivillige organisasjonslivet vi har her i kommunen. Dette gjeld ikkje minst frivillig humanitært arbeid. Her nemner eg organisasjonar som Røde Kors, Sanitetskvinnene og den organisasjonen som eg sjølv kjenner best, Nasjonalforeningen for folkehelsa med sine helselag og demensforeiningar. Og det er fleire. Mykje flott arbeid blir utført rundt om i kommunen sine grender og bygdelag. Så har vi idrettslag med sine ulike aktivitetar, skyttarlag og andre lag og organisasjonar som driv med positive gjeremål for sine innbyggjarar. For å få til dette treng vi eldsjeler. Surnadal har mange positive eldsjeler som står på året rundt. Stor ros til alle desse med sine medhjelparar.
Surnadal har eit allsidig arbeidsliv som sysselsett mange arbeidstakarar. Her er det mange gode døme å vise til.
Surnadal kommune er den største arbeidsgjevaren. Mange kommunale arbeidstakarar utfører viktige samfunnsnyttige gjeremål som er viktige for oss alle. Dette skal vi vere takknemlege for. Dei folkevalde i kommunen gjer sitt beste for at kommunen skal vere ein god stad å bu i. Med trong kommuneøkonomi er det mange vanskelege prioriteringar som må gjerast. Dette må vi som innbyggjarar ha forståing for. Vi går mot jul og nytt år. Vi må sjå på det positive. Det er mykje å glede seg over å vere takksame for.
Johannes Johannesson Vaag