LESARINNLEGG:

Surnadal kommunehus, kommunehuset på Skei

Ope brev til Surnadal kommune

Publisert Sist oppdatert

Kjære Surnadal kommune! 

Eg ser du strevar med både eitt og hitt. Økonomien er skral og snart er du vel på lista til inkvisisjonen. Dette krev sjølvsagt handling.

Så er det alt dette styret med han Hans. Da eg var gutunge hende det han Hans kom på besøk til Telstad. Da han gjekk, sa han at eg måtte koma på besøk til han på Kleiva. Dei vaksne sa at det måtte eg ikkje, for dei visste. Eg kom ikkje til Kleiva før eg, for å låna eit ord frå Tor Jonsson, kom dit som heimbygdsturist ei Vårsøghelg. Eg trur mange vaksne visste. Det ligg ei kollektiv skuld her hjå dei. Difor er det så viktig at feilen ikkje blir gjort om att og at dei som har opplevd vanskelege ting blir tekne på alvor.

Sjølv vil eg ikkje vera med på biletstorming. Skal alt fysisk som minner om Hans bort, liknar det sovjetisk revisjonisme, noko dei fleste av oss ikkje synest om.

Verket til Hans ligg fast og er ein del av vår felles historie og må takast vare på. Difor har eg ei sut når det gjeld bygdeboka. Di eldre eg blir, di viktigare blir fortida. Som utflytt surndaling prøver eg å følgja med på det som skjer i heimbygda gjennom avisene og internettet. Framleis er eg heimbygdsturist ei veke kvart år. Det gir meg mykje å treffa slekt og vener. Eg ser at arbeidet med bygdeboka skal setjast på pause. Eg håpar den pausen blir så kort som mogleg. Det som blir sett på pause er ikkje alltid så lett å starta opp att. Dei banda som til no er komne er kvalitetsarbeid. Det er dei fordi dei tek vare på det beste i Hans sine bøker. Eg har halde på med ættegransking i mange år og kjenner til ein del bygdebøker. Eg har ikkje funne maken til Hans sine. Hans særskilde måte å skriva på er ein fest å lesa. Det er ikkje berre tørre oppramsingar. Gjennom dei moderne hjelpemidla i dag blir feil retta og bøkene blir kvalitetssikra. Her har mange friviljuge gjort ein stor innsats.

Det er ikkje berre for oss eldre bøkene er viktige. Dei er og viktige for dei unge. I vår tid med framandgjering og sterk påverknad frå andre kulturar må vi ta vare på røtene våre. Det hjelper bygde bøkene oss med. Ved ajourføring kan vi gleda oss over å lesa om dei nye generasjonane.

Eg berre lurar: Finst det andre som kan vera med og finansiera dei komande banda av bygdeboka? Banken? Rike onklar?

Spørsmålet mitt til deg er: Korleis vil du sikra at arbeidet med bygdeboka vil halda fram så snart som mogleg?

Eg ønskjer deg alt godt og håpar at du gjer kloke val!

Alversund, 30. november 2025

Med beste helsing,
Leif Ragnar Fiske

Powered by Labrador CMS