LESERINNLEGG:

Rindal Helsetun

Katt i omsorgsbolig ?

Det er med sjokk eg les ein artikkel i Driva om at tilsette i heimetenesta i Rindal kommune ønskjer å skaffe ein allergivenleg katt knytt til omsorgsbustader. Driftsutvalet støttar visst saka. For det første må eg poengtere at ikkje alle katteallergikarar tåler såkalla "allergivenlege" kattar. Ein må kjenne sjukdomen til alle bebuarar, pårørande og ikkje minst alle tilsette svært godt, før ein utset dei for denne påvirkninga. Generelt vil ein ikkje tilrå hyperallergikarar å skaffe seg pelsdyr, heller ikkje allergivenleg katt, då sjansen er svært stor for at ein kan få store utslag. Det er ein sjølvsagt ting at dette også må vere tilrådinga i offentleg helseteneste. 

Svært mange er allergiske mot katt. Det er faktisk den vanlegaste formen for dyrehårsallergi i Norge. Det er difor svært tvilsamt at eit helsevesen ønskjer å skaffe ein katt, utan å vurdere om fordelane veg opp for ulempene. 

Kommunedirektøren viser i vurderinga si til at Surnadal kommune har god erfaring med katt i institusjon. Eg er ikkje i tvil om at dyrehald i heimetenesta kunne ha auka livskvaliteten til bebuarane utan allergi. Eg er heller ikkje i tvil om at det ville gjere helsa dårlegare til alle som er plaga av allergi, for ingen veit kor mange bebuarar som reagerer på pelsdyr eller kan utvikle allergi. Kva med livskvaliteten til bebuarar som faktisk har astma og allergi?Kva med dei tilsette, dei pårørande og vener, som har pelsdyrallergi? Det kan altså få store konsekvensar for dei som har allergiske plager.

Overlege og allergispesialist Sverre Steinsvåg ved Sørlandet sykehus er blant dei som åtvarar mot husdyr på institusjonar. Han seier at dette kan føre til ei forverring av arbeidssituasjonen for m.a. dei tilsette. Tilsette har også krav på eit arbeidsmiljø som ikkje gjer dei sjuke. Her risikerer ein m.a.o. at fleire tilsette ikkje kan arbeide der og fleire vil bli sjuke på arbeidsplassen. I forlenging av dette, er det også viktig å tenkje rekruttering og at ein potensielt går glipp av flinke fagfolk som ikkje kan jobbe der p.g.a. allergiske plager. 

Kva seier eigentleg regelverket om dette? Arbeidsgivar har etter Arbeidsmiljølova paragraf 2-2 ei plikt til å sikra eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø for sine tilsette. Dersom ein av dei tilsette har vesentlege plager med allergi kan og skal arbeidsgivar forby katt. 

Allergi består ikkje kun av klassiske symptom som tett el. rennande nase, nysing, auge som klør, smerter i hovudet eller hoste. Nokre menneske er plaga av eksem, tung pust og alvorlege astmaanfall. Ein katt til stades vil difor gjere livet vanskeleg. Eg og fleire med meg høyrer til den siste kategorien. Tenk om eg hadde hatt ei mor i omsorgsbustad som eg gjerne skulle ha besøkt, men så måtte eg la vere p.g.a. allergiske reaksjonar og astma, i møte med ein katt i offentleg institusjon. Det hadde vore forferdeleg. 

Det er nemleg ikkje slik at ein kan flytte katten for ei stund og tru at besøket kan gjennomførast. Allergen som min gruppe reagerer på er nemleg samansette molekyl produsert av katten sjølv, og består av t.d. komponentar frå hudceller, serum, urin, spytt og sebum frå kjertlar i huda. Dette er noko katten legg igjen der den går. Den beste behandlinga for allergi mot katt er å ikkje ha katt. Katten sine allergen sprer seg som sagt lett i lufta og vil gi plager når dei enten blir pusta ned i lungene eller festar seg i slimhinnene i auge og nase. Det er m.a.o. ikkje tilstrekkeleg å lage "kattefri soner."

Eg viser her til Astma og Allergiforbundet som tydeleg tilrår eit generelt forbod mot katt og hund i barnehagar, skular, sjukeheimar og tilsvarande stader. I følge dei finst heller ikkje såkalla "allergivenlege" katterasar. 

For min eigen del vil det vera håplaust å bli gamal i ein kommune kor ein til slutt ikkje har andre val enn å leve med daglege astmatiske anfall fordi dei som skal hjelpe har valt å skaffe ein katt mot min vilje. 

Kanskje er det mangel på kunnskap som fører til slike lettvinte vurderinger eller løysingar. Eg håpar inderleg at dette innlegget verkar informativt slik at tiltaket ikkje vert gjennomført. Eg er heilt sikker på at dei fleste har forståing for at ein på nokre område må ty til restriksjonar for at alle på arbeidsplassen, men også alle bebuarar og pårørande, skal ha eit godt og forsvarleg miljø å leve i. Då gjeld det å finne andre måtar å skape trivsel og livskvalitet på, som ikkje rammar oss allergikarar. 

Helsing ei kvinne,

ei kvinne som ikkje kan besøke slektningen sin på demensavdelinga på Surnadal sjukeheim, for der har dei nemleg skaffa seg ein katt.

Powered by Labrador CMS