LESERINNLEGG:

Porttettbilde av Frank Sve (Frp)
Frank Sve (Frp)

Drivstoffprisane til himmels!

Publisert Sist oppdatert

" Nok ein gong ser vi at AP og Høgre finner sammen i klimapolitiske vanvittig grep, som rammer vanlige folk og næringslivet brutalt" 

Frå før har AP med støtte frå Høgre kvar ein einaste gong i Stortinget, vedteke heilt urealistiske klima og miljømål som har ført til omlag ei dobling av prisen for anleggsdiesel og drivstoff generelt sidan 2021.

Dette har ramma transport bygg og anlegg spesielt, som igjen har medført kraftig prisvekst på alt av varer og tjenester.

- og, så lurer folk på kvifor vi har høg rente?

No skal igjen AP med støtte frå Høgre sikre innføring av EU sitt kvotesystem ETS2, som kan auke drivstoffprisane kraftig,

" Det er anslått at det nye kvotesystemet i EU ETS2 vil kunne auke drivstoffprisen med så mykje som 200 Euro pr tonn, som vil bety ein auke i drivstoffprisane med vanvittige 7,49kr."

Ein skulle tru at snart fire år med tidenes verste regjering med Støre og co var nok for Erna og Høgre, men det ser slett ikkje slik ut. 

"Det vi opplever på Stortinget er mest som eit giftemål mellom AP og Høgre"

Så lenge Høgre holder AP og Støre trygt inne med fleirtal i Stortinget i sak etter sak, lurer eg egentlig på kva Høgre har tenkt å drive valgkamp på til hausten?

Høgare drivstoffprisar no er aldeles greinalaust, og vil ramme vanlige folk og næringslivet si lommebok brutalt og totalt unødvendig.

Eg har lenge hevda at Høgre i Stortinget er verre enn MdG i klima og miljøsaker, og dette blir dessverre bevist gong etter gong.

Eit knallsterkt FrP vil sette ned drivstoffavgifta, ikkje opp, og det finnes ikkje eit rasjonelt argument for å ikkje kutte drivstoffprisane kraftig no.

FrP lytter til folket og næringslivet, no må det snart ta slutt dette klima og miljøhysteriet som rir politikken til enkelte partier heilt utan mål og meining, totalt urealistisk og som kun har som mål å plage det norske folk og næringslivet.

 

Mvh

Frank Sve
1. nestleder i Transport og kommunikasjonskomiteen
Stortingsrepresentant for FrP

Powered by Labrador CMS