LESARINNLEGG:

To menn som sitter ved et bord med kaffekopp foran seg.
Kristian Ranes.

Todalsfjordprosjektet

Publisert

Onsdag les eg eit interessant innlegg i Trollheimsporten av avgåande leiar for Todalsfjordprosjektet, Trond Skogseth. Han er kanskje den som sit inne med den mest omfattande kunnskapen om dette prosjektet no. Essensen i innlegget er at han meiner den mest nærliggjande løysinga for fjordkryssinga er flytebru frå Rykkjem til Kvanne (eller kanskje aller helst til Mulen, er mi meining). Han seier ei slik bru er ein milliard billegare, noko å tenkja på for kommunar og fylke som er mest pengelause. Fleire flytebruer er i drift - ei vi fer ofte er den over Bergsøysundet, og den kjennest trygg og stødig.

For eit par dagar sidan stod ein artikkel i "Adressa" om at det er tinga fire sjølvgåande (autonome) elferjer som skal trafikkere over Sognefjorden, og som skal koma i drift om eit par år. Diverre kom avisa bort da vi flidde om i stova til helga, men eg vil sterkt rå dei største entusiastane for Todalsfjordkryssinga om å skaffe seg og lesa artikkelen. Om det blir bygd to sjølvgåande elferjer som går heile døgnet utan stopp, blir det langt billegare enn dei andre prosjekta. Fullt tenleg ville det og vera. Små naturinngrep, og det blir pengar til overs til helsehus og varme hender på sjukeheimen.

Kristian Ranes

Powered by Labrador CMS