LESARINNLEGG - Tilsvar til Kjølmoen:

Frank Sve (Frp)
Frank Sve (Frp)

Per Vidar Kjølmoen, skjerp deg!

Publisert

• Per Vidar Kjølmoen, skjerp deg!

«Å forsøke å ta æra av andres politikk, er rett og slett useriøst når du veit så inderleg vel at AP ikkje har halvert noko ferjeprisar»

Flott at AP har prestert å gjennomføre ei einaste positiv sak, i eit ellers totalhavari av ei regjering.

Når Kjølmoen i sin iver unnlater å fortelje at han sjølv som varaordførar i fylkeskommunen innførte autopass som auka ferjebiletten med heile 32%, samt auka opp ferjeprisane med to takstsoner, blir dette her frå Kjølmoen bort imot pinleg.

Enda verre blir det når FrP ilag med Høgre kutta ferjeprisane med 25% i juli 2021, blir litt vanskeleg å forklare då Per Vidar, når du og regjeringa reknar kutta i ferjeprisane frå og med 1/1-2021.

Er det verkeleg mulig å bløffe så greinalaust som dette?
- skjerp deg Per Vidar Kjølmoen, ein må forvente at du er sannferdig.

Bra er det at ferjeprisane går ned, men gratisferjer til øysamfunn har også ført til kutt i ferjeavgangar, forklar det den som kan?

Når det gjelder «handlekraft» frå AP og regjeringa, ser det nesten ut til at Kjølmoen har vore på ei lang, lang og omfattande ferie i utlandet, utan media.

For, aldri har landet opplevd ei verre regjering der det no verkeleg er «vanlige folks tur til å måtte betale»

Skyhøge skattar og avgifter, skyhøg drivstoff, matvarer og straumprisar og ei rente som går til himmels. Næringslivet slit og vi har ei regjering som går til totalangrep på næringslivet i heile landet.

Flause etter flause der statsrådane må gå, etter tidenes mest handlingslamma regjeringsprosjekt.

- kven forsøker du å lure Per Vidar Kjølmoen?

No har vanlige folk og næringslivet muligheita til å vise kva ein meiner om SP og AP og tidenes mest distriktsfiendtlige regjering, i det kommande kommune og fylkestingsvalget.

FrP og Høgre er klare til å geleide SP og AP ut av kommunestyra, fylkeshuset og ut av regjeringskontora så raskt som råd.

Dette er heilt nødvendig for å igjen kunne sikre ein politikk for hus og heim, gjennom stødig næringspolitikk, kraftige kutt i skattar og avgifter og kutt i byråkratiet.

Og, igjen begynne å bygge veg og satse på samferdsel, samtidig som vi ein gong for alle får skrinlagt Møreaksen.

Stem FrP!

Mvh
Frank Sve
1 nestleder i Transport og kommunikasjonskomiteen
Stortingsrepresentant for FrP

Powered by Labrador CMS