ANNONSE - Surnadal kommune:
Invitasjon til fagdag i artsrik slåttemark i Surnadal - Kort påmeldingsfrist!
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Norsk Landbruksrådgiving Nordvest inviterer til fagdag 18. juni på Mogstad i Surnadal.
Velkommen til ein triveleg dag i artsrik slåttemark med fagleg påfyll i selskap med andre som tek vare på denne viktige naturtypen. Vi vil også sjå på alm og lære om skjøtsel av trea og kvifor dei er så viktige for biologisk mangfald.
Program
- Vertskapet, Dordi Kjersti Mogstad og Trygve Megaard, fortel om grenda Mogstad, om historia til småbruket Austistua Mogstad, naturmangfaldet her og korleis dei skjøttar eigedommen no.
- Vandring i enga, vi lærer om planter og insekt.
- Vi ser på gamle pila (styva) almer og det som veks på dei.
- Nabo Arild Mogstad viser fram sine reiskap for skjøtsel av slåttemark, bl.a. en Aebi CC36 med to ulike knivbjelkar og to ulike river.
- Samtale om skjøtsel og det som høyrer til.
- Representant for Statsforvaltaren deltek.
Tid og stad
Mogstad i Surnadal søndag 18. juni kl. 11.00 - 15.30 (seinast).
Oppmøte og parkering ved Korsen grendehus, Honnstadvegen 162. Vi spaserer over elva til Nordsia 694.
Påmelding, servering og pris
Påmelding einast onsdag 14. juni (helst før) til Maud Grøtta: maud.grotta@nlr.no eller tlf. 95847893.
Det blir servert gryterett og ein rabarbradessert frå HammerStuene. Gi beskjed om evt. allergiar eller andre omssyn. Det blir servert kaffe ved ankomst.
Pris: Kr. 250 pr. pers.
Informasjonen er henta frå Surnadal kommune si heimeside.