LESERINNLEGG frå Bondelaget:

Audun Skjervøy

Inntekta til bøndene må opp

Publisert

Inntektsløft gir framtidstru

Landbruket og bøndene har hatt store forventingar til den regjeringa som styrer landet no. Hurdalsplattforma, det politiske styringsdokumentet til regjeringa, sette høge mål for inntektsutviklinga for bøndene. Men trass i eit rekordstort landbruksoppgjer i 2022 peikar pilene feil veg, og situasjonen er særleg tøff for mjølkebøndene.

14. april la Budsjettnemnda for jordbruket fram alarmerande tal for inntektsutviklinga frå 2022 til 2023. For jordbruket samla er inntektsutviklinga på 12 700 kroner per årsverk – det er 15 000 kroner lågare enn det som var føresetnaden i jordbruksoppgjeret i fjor. Dette er gjennomsnittstal – det vil seie at den økonomiske situasjonen har forverra seg for mange bønder. Og inntekta for mjølkebøndene fall kraftig i 2023.

Dårleg signal

Utviklinga er urovekkande. Inntekta har falle mest for dei største mjølkebruka. For bruk med 71 årskyr er inntektsfallet formidabelt – nær 160 000 kroner per årsverk. Men utviklinga er negativ for alle bruksstorleikar.

På toppen av dette kjem at mange bruk i fylket vårt framleis driv med mindre besetningar i driftsbygningar som er overmodne for modernisering og ombygging for å innfri kravet om lausdrift frå 2034.

Inntektsutviklinga er eit uhyre dårleg signal til mjølkeprodusentane i fylket vårt. Og det er også det andre året på rad at inntekta for mjølkebøndene fell.

Møre og Romsdal er eit grovfôrfylke. 67 prosent av verdiskapinga i jordbruket i fylket vårt kjem frå mjølkeproduksjonen. I 2020 utgjorde dette over 660 millionar kroner.

Sysselsetjing og økonomi

Næringa har mykje å seie for sysselsetjinga i fylket. Vi reknar med at eitt årsverk i jordbruket genererer 2,5 årsverk utanom næringa. I fylket vårt er det 2349 årsverk i landbruket. Det gir innpå 6000 årsverk utanom landbruket. Det dreier seg om næringsmiddelindustri, handverkarar, verkstader, maskinforretningar, rekneskapskontor og andre leverandørar av varer og tenester til oss bønder.

Næringa er viktig for økonomien i fylket. Den direkte verdiskapinga i landbruket i fylket vårt blei i 2021 rekna til 1,025 milliardar kroner. Verdiskapinga i den landbruksbaserte industrien var på 1,173 milliardar kroner. På Stranda aleine utgjorde verdiskapinga frå landbruksbasert industri 372 millionar kroner.

Ingen å miste

Møre og Romsdal er eit landbruksfylke med eit stort potensial for jordbruksproduksjon – alt ligg til rette for at vi kan auke matproduksjonen og vere med på å bidra til auka sjølvforsyning. Her er fantastiske ressursar for grovfôr og beitebaserte næringar, og viss ikkje produsentmiljøa forvitrar, er det også mogleg å auke produksjonen av grønnsaker, bær og frukt.

Men skal jordbruksnæringa ut av den negative spiralen ho er inne i, er vi nøydde til å få ei inntektsutvikling som får ungdommane våre til å tru på næringa. Ei undersøking Tine har gjort, viser at over halvparten av mjølkeprodusentane som driv i båsfjøs, kan vere ute av landbruket om ti år.

Møre og Romsdal har ikkje ein mjølkebonde å miste.

Inntekt og velferd

Det er tre saker som har stått høgt på dagsordenen for Møre og Romsdal bondelag dei siste åra:

Inntekta vår må opp. Bøndene må ha eit inntektsnivå som gjer næringa attraktiv for nye generasjonar. Det må bli slutt på den tida da samfunnet forventar at norsk mat blir produsert gjennom lange arbeidsdagar på rein idealisme og med inntekter frå jobbar utanfor næringa.

Tala frå Budsjettnemnda viser at behovet for rask endring og inntektsopptrapping er påtrengande.

Mjølkebøndene må få skikkeleg investeringsstøtte: Mange mjølkeprodusentar driv framleis i båsfjøs. Det kan dei ikkje gjere etter 2034. Det kostar å byggje om eller byggje nye driftsbygningar. Mjølkebøndene må sikrast investeringsstøtte som gjer at vi framleis kan ha dei i næringa. I grender og bygder i fylket utgjer dei ryggrada i landbruket. Det blir stille i bygdene om mange av dei skal kvitte seg med dyra og stengje dørene til fjøsen.

Bøndene må også kunne få barn og få vere sjuke utan å tape. Unge kvinner vegrar seg for å gå inn i landbruket sjølv om dei har lyst. Korleis kan vi i 2023 – der kvinner elles i samfunnet har eit godt sikkerheitsnett og gode velferdsordningar når dei blir gravide – meine at unge kvinner skal gå gravide i fjøset nesten til vatnet går; og så vere tilbake i fjøsen kort tid etter. Alternativet dei har, er å basere seg på dugnadshjelp frå familie. Midlane til avløysar strekkjer ikkje til.

Skal vi behalde landbruket, arbeidsplassane i næringsmiddelindustrien og tenesteytande næringar, opne kulturlandskap og levande bygder – da må inntekta til bonden opp!

Audun Skjervøy,S

styremedlem i Møre og Romsdal Bondelag

Powered by Labrador CMS