KN-aksjonen 2026:
Faste - for vår neste
Tysdag 24. mars bankar konfirmantane på døra. Fasteaksjonen for Kirkens Nødhjelp er årviss innsats - «for vår neste».
Nest etter haustens TV-aksjon er dette landets største hjelpesatsing. Den norske kyrkja er hovudaktør gjennom organisering av konfirmantane som går dør-til-dør med den velkjende bøssa.
Folk er positive
Dei blir som regel svært godt mottekne.
- Folk er blide og gåvmilde, seier mange av konfirmantane.
- Ja, dei står med pengane klare og ventar på bøssa!
Unntaksvis kan nok responsen vera negativ. Men flotte resultat kvart år viser at folk flest ønskjer å støtte Kirkens Nødhjelp i arbeidet.
Vatn til 460 i fjor
Og kva resultat? Samtidig som KN har augo opne for akutte kriser kvar som helst, har vassforsyning i tørkeramma land høgaste prioritet. Effektivt teknisk samarbeid gjer det muleg med beskjedne midlar å skaffe reint vatn til store landsbyar. Gjennomsnittstal seier at 30.000 kr gir varig vatn til 100 menneske - som elles måtte gå mange kilometer for å hente ei vassbøtte av dårleg kvalitet.
Konkret: Aksjonsleiar, diakon Gro Hauge Venås, fortel at dei fem kyrkjesokna i Surnadal i fjor samla inn 138.616 kroner til KN sin fasteaksjon. - Det tilsvarar varig reint vatn til 460 trengande menneske i tørkeramma land!
Det som konfirmantane, foreldra, frivillige - og først og fremst gjevarane - i bygda utrettar i løpet av eit par kveldstimar, har altså livgjevande effekt for hundrevis av menneske. Er kyrkja og media flinke nok til å framheve dette fantastiske?
Lokal organisering
Kvart sokn har KN-kontaktar som organiserer dei lokale innsamlingane. Dette skjer i år tysdag 24. mars på tidleg kveld. Fredagen før, den 20. mars, er konfirmantar, foreldre og kyrkja sine folk samla til «pep-talk» i kantina på Surnadal vidaregåande. Gjennom muntre og informative filminnslag og andre inputs får deltakarane inspirasjon og ypperleg innsyn i kva dei får bidra til gjennom Kirkens Nødhjelps fasteaksjon.
Så er det alltid spennande om vi slår fjoråret! Uansett - dette er fin bruk av eit par timar i fastetida. Eller som ein sa det: - Med slik innsats fastar vi for vår neste!