Biskop Ingeborg Midttømme på preikestolen i Stangvik kyrkje ved eit tidlegare besøk.

Bispebesøk i Surnadal

Publisert Sist oppdatert

Mørebiskop Ingeborg Midttømme har visitas i Surnadal siste veka i oktober. Kyrkjesokna legg opp til eit allsidig – og annleis – program.

Konstituert prost Vidar Rygh og lokalstaben tek bispefølgjet rundt i kommunen for å vise noko av det pulserande livet i bygdene.

Begynner i sentrum

Tysdag 25. oktober skjer det meste på Skei. Biskopen og hennar sekretariat møter tilsette i kyrkja, besøkjer Amfi Kreativ, kulturskulen, konfirmantundervisninga og Sommerrotunet. Om kvelden samlast sokneråda, fellesrådet og bispefølgjet i Kyrkjelydshuset.

Onsdag er det besøk i barnehage og skule på Øye og på Surnadal Sjukeheim. Ranes kyrkje er publikumsarena for musikkprogram med lokale kor om kvelden.

Desse og andre i staben legg fram variert program for bispevistiasen. Frå venstre sokneprest Torbjørn Brøske, fungerande kyrkjeverje Lene Wilhelmsen, diakon Aud Brynhild Indset og fungerande prost Vidar Rygh.

Kustell, butikk og bedehus

Etter synfaring i Mo kyrkje saman med kommuneleiinga og besøk på Røv Mølle torsdag morgon ber det til Åsskard. Første stopp der er den moderne mjølkeprodusenten «Jur og kustell AD» i Bøverdalen – med over 200 kyr i felles fjøsdrift. Omvisarar her er Hans Johan Aarnes og Lars Bæverfjord.

Fellesfjøset med over 200 kyr i Bøverdalen får geistleg besøk.

På Coop Marked på Bølandet vil May Iren Dønheim Hovde presentere Merkur-programmet, ein vesentleg faktor for drift av nærbutikk.

Mayse gler seg til å vise Merkurprogrammet i praksis på bua på Bølandet. Tek vi ikkje feil, blir det også kaffe – no helst med graut og bakels.

Etter samver med Amigos-barna på bedehuset Betania står «frivillighet» som tema på Bøfjorden Grendahus. Her møter biskopen entusiastar frå dei lokale sokna som med stor gratisinnsats gjer lokalkyrkja levande. Bjarne Nordlund og Torbjørn Brøske innleier på møtet, som er ope for alle.

Her nokre frå Normisjonsgruppa Amigos i Bøfjorden. Dei er langt fleire og gler seg på å vise biskop Ingeborg kva dei syslar med på bedehuset Betania.

Gudsteneste i Stangvik

Etter eit par møtefri dagar blir veka avslutta med visitasgudsteneste i Stangvik kyrkje søndag 30. oktober. Her er det barnedåp og nattverd. Biskopen deltek saman med prestane Vidar Rygh og Torbjørn Brøske, andre tilsette og eit felles kor.

Under kyrkjekaffen etterpå, der også alle er velkomne, held biskop Ingeborg Midttømme sitt visitasforedrag med tankar og visjonar etter kyrkjedagane i Surnadal.

Powered by Labrador CMS