Høgtideleg dåp for Lovise – med familie, prest og unge assistentar.

Høgtidsdag

Gudstenesta for Surnadal var denne søndagen lagt til Åsskard. I inngangsprosesjonen var dåpsbarnet Lovise ein hovudperson saman med familien sin, konfirmantane Levion og Syver, klokkar og korsberar Randi Bøe og dagens liturg Vidar Rygh.

Publisert

Gammalt og nytt

Fornying og tradisjon går hand i hand i kyrkja. Dagens songar veksla mellom «gode, gamle» og noko nyare. Det festlege opningsnummeret «Ærens konge» var nytt bekjentskap for mange - sjøl om melodien (frå Beethovens 9. symfoni) er 200 år gammal!

Orgel- og klokkeklang

Organist Amund Valde sørga for dagens tonefølgje og hadde ei forsongargruppe med på laget. Med stødig handlag stod Kai Arne Svensli for det meste av klokkeringinga både før og etter samlinga.

Kay Arne Svensli er stødig klokkeringar ved mange gudstenester i Åsskard.

Streaming

Kvar søndag blir ei gudsteneste i Surnadal «streama» og sendt på lokalkyrkja si TV-flate. Tor Rune Halset styrte teknikken med lyd og bilde frå galleriet.

Evangeliestakar

Konfirmantane Levion og Syver var både dåpsassistentar og lysberarar med nyutpakka «evangeliestakar» som Åsskard-kyrkja har kjøpt. Desse skapte stil og høgtid både over prosesjon og evangelielesing.

Prest med to konfirmanter
Dei nye stakane skaper høgtid under evangelielesinga. Konfirmantane Syver (t.v.) og Levion flankerer prost Vidar Rygh.

Preike, takkoffer – og kaffelag

Ut frå teksten om Jesus som lækte ein blind mann heldt Vidar Rygh ein tankevekkande tale og tok oppgjer med den gamle (og kanskje vedvarande?) forestillinga om at lidelse er ei Guds straff.

Nattverd er fast ledd i dei fleste gudstenestene. Dagens takkoffer gjekk til Normisjon – ein organisasjon med aktivitet i Åsskard. Kyrkjekaffe er også fast «programpost» i dei fleste kyrkjene. Denne dagen sørga Eva og Kari for dette.

Powered by Labrador CMS