Storarbeid på kyrkjegarden

Publisert Sist oppdatert

Stangvik kyrkjegard, det vil seie gammelkyrkjegarden, trengte sårt til ei opprydding i hekkar og luking av lønnespirar. Eg trur nok fleire har sett kor lange desse småtrea har vokse seg i sommar! Med for lite ressursar hos tilsette på kyrkjetenarsida, måtte soknerådet gjere ein innsats, og vi vart 10 dugnadsarbeidarar som møtte opp, somme med traktor og tilhengjar, andre med motorsag, greinsaks, hagesaks og rive! Dagen kom med skyfri himmel og sol etter dagar med uendeleg regn!

Før rydding!
Bjarne Røen stilte med traktor og tilhengjarar- og trillebåre!

Etter 5 timars arbeid var ikkje kyrkjegarden til å kjenne igjen, no kom gamle gravstøtter, kors og blomster til syne, og kyrkjegarden blir også mykje lettare å slå.

Somme vil kanskje lure på kvifor vi tek heilt ned desse gamle hekkane av Alperips; svaret er altså at dei var fulle av lønnespirar som berre i sommar har vokse opptil 1 meter, og om nokre få år ville desse spirane, kanskje nærmare 100, blitt bra høge og kraftige tre.

Kaffepause, frå venstre: Solvor Røen, Nils Magne Røen, Anders Fridtjof Røen, Rannveig Brøske, Bjarne Røen, Anne Nes, Rune Forslund, Anton Georg Nes var også med( ikkje på bildet), og Berit Anne Botten Røkkum, fotograf her, var også med på dugnaden!

Soknerådet er fullt klar over at alle lønnetrær på og omkring kyrkjegarden burde vore fjerna; men på den andre sida er desse trea også så vakre!

Stangvik sokneråd og fellesrådet i Surnadal vil takke så mykje for det nødvendige og store arbeidet som blei gjort tysdag 20. september!

Gammelpresten kom også, med Gråtassen!
Powered by Labrador CMS