f.v: Oddvar Melkild Væge (repr.kyrkja), Olav Lindvåg, Ørjan Sæther Gravvold, Eirik Magne Hamnes, Mikolaj Karol Kahs, Liv Dalsegg (repr.banken)

SpareBank 1 Nordmøre med lønsmidlar til Stangvik og Surnadal kyrkjelege felleråd

For andre året på rad bidreg SpareBank 1 Nordmøre med lønsmidlar til Stangvik og Surnadal kyrkjelege felleråd, så vi kan tilby ungdomar sommarjobb ute på kyrkjegardane.

I år har tre ungdomar født i 2005 fått tilbod om sommarjobb i to veker kvar. I tillegg har kyrkja tilsett Olav Lindvåg, som skal vere med oss i seks veker og skal fungere som arbeidsleiar for dei andre tre.

Kyrkjegardane vert haldne i god stand, samstundes som ungdomane får nyttig arbeidserfaring.

Kyrkja i Surnadal vil rette ein stor takk til SpareBank 1 Nordmøre og til ungdomane som valde å jobbe hos oss i sommar!

Powered by Labrador CMS