
Fin fjellmesse
Søndagens gudsteneste på Røstasetra i Vindøldalen var ei flott oppleving på alle måtar.
Mo sokneråd fortener ros for stor innsats med tilrettelegging av denne sommarmessa år etter år. Mykje rigging og flytting av utstyr skal til for å gjera seterveggen til altarrom og vollen til kyrkjesal. Alt dette på ei eldgammal seter der bygningar og landskap ber hundreårige tradisjonar.


Prest og teknikar
Vidar Wilhelmsen Rygh er meir enn ein dyktig prest. Med dronefoto og opptaksutstyr sørga han for film å dele med ei større forsamlig enn dei som fann vegen til fjelldalen denne søndagen.
Som liturg, da i samspel med kyrkjetenar Tor Rune Halset, klokkar Sverre Hatle og organist Bernt Bøe, leia han ei innhaldsrik og vakker gudsteneste. Særleg inntrykk gjorde preika over temaet «nestekjærlighet».
What the world needs
Og da i kristen-menneskeleg forstand: Kjærleiken femner vidare enn «eg set pris på deg når eg har fordeler av deg». Jesus lærer oss å vise godhet også mot den vi ikkje kan fordra. Ja - slik sette han livet til for oss!
Vidar ramma talen sin inn med å nynne Bacharach-låten «What the World needs now, is Love». Enno vidare perspektiv fekk temaet når alle stemte i salmen «Til kjærleik Gud oss skapte» - der det heiter at vi skal vera «Guds hands og hjartelag».
Rømmegraut
Etter postludiet «Vektersang» av Grieg vart setertreffet runda av på heilnorsk vis - med rømmegraut og spekemat.

Vilt og vakkert
Røstasetra ligg i ein brei fjelldal. Berre turen dit er ei storslått oppleving. Etter bratte svingar langs juvet opp frå Røv flatar det ut i eit vidunderleg landskap som du rett og slett bør sjå – der elva i bergstryk og rolege svingar syner Norge på det villaste og vakraste.

