Måleri i fjøset

Den som kjem innom fjøset på Svinviks arboret denne veka blir ikkje møtt av ku eller sau, men av bilete måla av lokal kunstnar.

Publisert

Søndag opna utstilling i eit noko særeige lokale på Svinviks arboret.

-SVi ville prøve og sjå om fjøset eigna seg som utstillingsarena, smiler Sissel Halset Storslett.

SStorslett er ein habil og erfaren lokal hobbykunstner. Ho voks opp i Sunndal, men har aner frå Todalen, der ho har budd dei siste åra.

Det skulle vise seg at fjøset eigna seg ypperleg som galleri, jamvel om det var tidvis trongt om plassen på opningsdagen. Mange hadde nemleg teke turen til fjøset for å bivåne den populære kunsten. Fleire benytta òg høvet til å skaffe seg bilete signert Halset Storslett.

Sissel tek imot blomster på opninga av Maja Frønes frå Stiftelsen Nordmøre museum

Utstillinga vil henge i fjøset fram til førstkommende søndag, og kan besøkjast i arboretet sine opningstider.

Powered by Labrador CMS