Kunstveke i Surnadal

Margrethe og Øyvind Svinvik i samtale med kunstnar Odd Ingar Skrøvset.

–Smått kan vera stort nau, tenkjer markafolket

Fredag var det gjesteutstilling og kulturkveld i Kallastua. Kunstnar Odd Ingar Skrøvset hadde fått med seg Jon Østbø, Øyvind Holte og Kjell Ulf Lund og laga ein mangfaldig og triveleg kveld.

Publisert Sist oppdatert

Ordførar Margrethe Svinvik opna Nordmarkkvelden i Kallastua. Margrethe fortalde at ho voks opp med å høyre forteljingar frå Nordmarka av far og bestefar sin, om jakt, fiske og om markaslått.

Ho rosa leiar av Kallastiftelsen, Lars Skrøvset, som har bore fram ideen om ei kunstveke i Surnadal.

– Ta dykk tid til å sjå på bileta, oppfordra Margrethe. Kjenn etter om dei kanskje minner dykk om noko, minne om ein gong da, eller berre sett dykk inn i ei stemning. Slik verkar biletkunsten, den når dit orda ikkje strekk til, fyller ut tankane og skapar meining.

Odd Ingar Skrøvset tvilte nokre dagar før han takka ja til å vera utstillar. "Er det noko å vise fram, da?". Det var ein audmjuk mann vi møtte i Kallastua. Heldigvis takka han ja, og fekk med seg Jon Østbø, Øyvind Holte og Kjell Ulf Lund til å laga ein kulturkveld med kunst, dikt og tekst.

– Det er ikkje noko som er så kjøle stort på Nordmarka, ikkje rettelege store vatn eller høge fjell, men vi har tjønner, mange små og somme som vi nesten kan kalle store, slik som Orrønlitjønna og Limåstjønna, fortalde Odd Ingar. Men smått kan vera stort nau, tenkjer markafolket.

Jon Østbø las jaktstatistikk-poesi. I jaktstatistikk finn ein mykje tradisjon, lokalkunnskap og karrasamhald, seier Jon Østbø.
Kjell Ulf Lund las dikt av Ola Skrøvset, far til Odd Ingar.

Nordmarka er ikkje berre natur, her er det mykje tradisjon og historie. Kjell Ulf las frå "Brev frå barndommen" og "Streiftog i bygda" av Hans Hyldbakk. Hans var gjetargut på Tellesbøsetra da han var gutungen.

Øyvind Holte fortalde om markaslåtten og om markastuene. På det meste var det 189 løer på Nordmarka, kunne han fortelja.
Odd Ingar forklarte og viste korleis ein lagar tresnitt
Britt May Hollås vann auksjonen på det splitter nye tresnittet

– Eg tenkjer på ord og dikt når eg målar, fortalde Odd Ingar. Om de ikkje har lese Snøsong av Jon Fosse, så må de gjera det, oppfordra kunstnaren.

SNØSONG

det å sitja og sjå på eit fjell
gjer meg godt
hjarta blir roleg
og snøen på eit fjell
lyfter andletet mitt mot ein stad
inne i den skimrande snøen
og snøen
i lyset
seier meg
det er deg det gjeld
og då trur eg
at det finst ein stad
som også eg skal finna
der vinden snakkar lågt
og der kjærleik andar
i si lyse stille
av himmel og av jord
og er ein stad for kvile
i ei sky som driv forbi

Jon Fosse

Powered by Labrador CMS