En gammel låve med plankevegger, som er innredet med noen gamle møbler. Flere personer som sitter på benker og snakker sammen inne på låven.
Den britiske antropologen Tim Ingold sitt syn på verda. Toril held føredrag i løa på Æstigarn.

Skulstuå i Todalen har eit spennande samarbeid med kunstnarane Siri Skjerve og Toril Redalen. Førre veke hadde kunstnarane og Skulstuå besøk av studentar frå Ytre Kunstfagskole i Ålesund. Dei deltok på mellom anna kurs i Todalspols og fekk filmframsyning og informasjon om Skulstuå.

Publisert Sist oppdatert

Toril Redalen har skreve dette om det innhaldsrike og inspirerande samarbeidet:

Då Ytre Kunstfagskole i fjor var på eit dagsbesøk, vart opphaldet denne gongen eit meir fordjupande møte med staden. Besøket starta i Molde, der studentane fekk omvisning i utstillinga Doggerland av Siri Skjerve og Toril Redalen ved Møre og Romsdal Kunstsenter. Omvisninga var òg eit ope publikumsarrangement og danna eit naturleg utgangspunkt for vidare arbeid i Todalen.

En kunstutstilling. En figur som forestiller et menneske uten hode. Flere personer sitter i ring på gulvet i bakgrunnen.
Frå omvising i utstillinga Doggerland ved Møre og Romsdal Kunstsenter. Utstillinga står til 1. november.
Flere personer s0om står og ser på ulike gjenstander på et bord på en kunstutstilling.
Frå omvising i utstillinga Doggerland ved Møre og Romsdal Kunstsenter. Utstillinga står til 1. november.

Studentane arbeidde deretter på verkstaden til Siri og Toril over fleire dagar, der dei fekk utforske materiala hud og leire – og korleis eit møte med staden sjølv kan bli både utgangspunkt og materiale for kunst. Det handla om kunsthandverk, og om kva som for eksempel kan skilje omgrepa materiale og materialitet. I artikkelen ser vi nokre av studentane sine eigne bilete frå dagane i Todalen.

En gammel låve med plankevegger, som er innredet med noen gamle møbler. Tre personer som snakker sammen inne på låven.
Den britiske antropologen Tim Ingold sitt syn på verda. Toril held føredrag i løa på Æstigarn.
Flere personer som sitter ved siden av hverandre med bind for øynene.
Øvinga Dagen utan leire (T. Redalen, 2023).
Ei godt kledd dame som står utenfor en gammel låve og fotograferer.
Ytre Kunstfagskule ønskjer å utdanne kunstnarar som vågar å stille spørsmål ved eigne perspektiv, og som kan kaste nytt lys over omgjevnadene dei er ein del av.
En verkstedbenk med forskjellige gjenstander, blant annet noen som formes i leire.
Øvinga FORM/FORVENTNING, Toril sitt verkstad. Kunstnaren fortel at Kvennset verkstad har i år og fått støtte frå næringsfondet i Surnadal kommune for å vidareutvikle potensialet i verkstadsverksemda, både kunstnarisk og kunstfagleg. Midlane gjer det mogleg å satse vidare på undervisning og mottak av besøkande.
Tre damer som holder på med håndverk. Det kan se ut som de øser flytende gips opp i ei form?
Øvinga FORM/FORVENTNING, Toril sitt verkstad. Kunstnaren fortel at Kvennset verkstad har i år og fått støtte frå næringsfondet i Surnadal kommune for å vidareutvikle potensialet i verkstadsverksemda, både kunstnarisk og kunstfagleg. Midlane gjer det mogleg å satse vidare på undervisning og mottak av besøkande.
Tre damer som driver med ulike sysler inne i en leilighet.
Seng, middag & frukost på Skortinnj.
Flere hender over et arbeidsbord. De syr i lær.
Studentane sydde ein fingerbøll i garva lær, og siste øving for dagen var å bløyte opp og forme råhud av hjort.
En bit med lær snurret rundt en pekefinger.
En 'kurv' sydd av skinn på et bord, med en stein oppi.
«Råhud er eit materiale som er uvant og verkar framandt for mange, og eg er imponert over måten studentane nærma seg materialet på», seier Siri.
To unge damer som jobber med skinn.
Siris verkstad er tilpassa arbeidet med lokale skinn, og på dag 2 fekk studentane ei innføring i materialet og ulike måtar å bearbeide skinn på.
Ei ung dame og en ung mann som sitter ved et bord og syr i skinn.
Siris verkstad er tilpassa arbeidet med lokale skinn, og på dag 2 fekk studentane ei innføring i materialet og ulike måtar å bearbeide skinn på.
Ei dame som står og holder et stort skinn.
Siris verkstad er tilpassa arbeidet med lokale skinn, og på dag 2 fekk studentane ei innføring i materialet og ulike måtar å bearbeide skinn på.

Gjennom opphaldet fekk studentane erfare korleis eit kunstnarskap kan springe ut frå ein stad, og korleis ei bygd som Todalen kan vere både arbeidsplass og prosjektrom. Det nye samarbeidet med Ytre er også ein del av Jordsmonn-prosjektet til dei to kunstnarane, som undersøker det å bruke «heile bygda» som del av den kunstnariske prosessen. Både samarbeidet med Ytre Kunstfagskole og kulturhuset Skulstuå i Todalen er planlagt som ein viktig og varig del av dette arbeidet.

Jordsmonn var i fjor eitt av få prosjekt som fekk Co-Work-midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune si nye satsing på kultur og samarbeid. Prosjektet ser på korleis kunst kan forankrast i landskap, handverk og kvardagsliv – og korleis bygda sjølv kan vere ei aktiv ramme for skapande arbeid. Skolen, med base i Ålesund, har som samfunnsoppdrag å utdanne kunstnarar som tek utgangspunkt i det rurale og det nære – i møtet mellom natur, arbeid og lokalsamfunn. Ytre har knytt til seg ulike satellittar på Nordvestlandet, og Todalen og dei to kunsthandverkarane som har verkstad i bygda, er no ein av desse – eit stad der studentane får utforske korleis kunstnarskap kan vekse fram i samspel med stad, tradisjon og folk.

Ved Ytre Kunstfagskole står feltarbeid sentralt. Studentane oppsøkjer ulike stader og miljø, der dei undersøker erfaringar, historier og samtidige uttrykk – alltid med utgangspunkt i sitt eige blikk. Gjennom slike møte veks nye kunstnarskap fram, og ny kunst tek form.

Ytre er ein kunstskole med utsikt frå utkanten, og har eit særleg fokus på det rurale perspektivet – på kva som skjer når kunsten får gro ut av landskap, arbeid og kvardagsliv. Skolen har base i Ålesund, men samarbeider med kunstfaglege miljø over heile Nordvestlandet. Målet er å gi studentane eit solid grunnlag i visuelle kunstfag, og å støtte dei i å utvikle ei kjensle for stad og samanheng.

For Ytre handlar kunstutdanning om å sjå, men òg om å utfordre det ein ser – både i seg sjølv og i samfunnet. Skolen ønskjer å utdanne kunstnarar som vågar å stille spørsmål ved eigne perspektiv, og som kan kaste nytt lys på dei omgjevnadene dei er ein del av.

Med heile Todalen som verkstad og prosjektrom inkluderte opphaldet til studentane kvardagserfaringar som hausting av tomatar i drivhus og kurs i Todalspols – erfaringar som knytte kropp, rytme, årstid og materiale.

Ei dame som plukker tomater i et drivhus.
Med heile Todalen som verkstad og prosjektrom inkluderte opphaldet til studentane kvardags¬erfaringar som hausting av tomatar i drivhus og kurs i Todalspols – erfaringar som knytte kropp, rytme, årstid og materiale.
Inngangspartiet på et gammelt trehus, det er mørkt ute, og lyst inne, og døra står åpen.
Ein kveld inviterte Kulturhuset Skulstuå til filmkveld. Filmen Å seile sin egen sjø (2022), som handlar om å finne eigne vegar i møte med både natur og samfunn, spegla tematikken i besøket: korleis fridom, handverk og livsform kan vere tett vevde saman. Studentane var svært interesserte i historia om huset, ei forteljing som Ragna Kvendset leverte på enestående vis ...utan fjuskelapp.

Ein av kveldane inviterte Skulstuå til filmvisning av Å seile sin egen sjø (2002) av Øyvind Sandberg – ei varm og humoristisk skildring av menneske som lever sjølvstendige liv langs kysten. Filmen, som handlar om å finne eigne vegar i møte med både natur og samfunn, spegla tematikken i besøket: korleis fridom, handverk og livsform kan vere tett vevd saman.

Ragna Kvendset fortalde òg om historia til Skulstuå – ein sentral stad i bygda der familien Halse tidleg tok eigne og utradisjonelle val innan arbeidet med kunst og kultur. I dag er Skulstuå eit viktig samarbeid for Jordsmonn-prosjektet og eit raust rom der engasjement, handverk og samtidskunst møtest. Siri Skjerve og Toril Redalen trekkjer fram Skulstuå som eit rom der materiale, erfaring og forteljingar får virke saman på tvers av generasjonar. For dei er samarbeidet med Skulstuå eit døme på korleis kunsthandverket kan forankrast i lokale praksisar, og samstundes opne mot nye fortolkningar og uttrykk.

Før avreise vart studentane inviterte til lunsj på Myrmo, der Line Kvendset serverte sin legendariske lasagne. Rundt bordet sat òg naboane Jean Kvendset og Synnøve Hole Talgø – sistnemnde godt kjend i Ålesund – og praten gjekk livleg om kunst, bygda og alt som bind dei saman.

Ti personer som sitter sammen og spiser ved et spisebord.
Line inviterte alle studentane, rektor og lærarar heim til Myrmo på lunsj før avreise Ålesund. Mat grip inn i alle delar av livet og er noko alle menneske må forhalde seg til. Ho er meir enn næring – eit møte som formar både kultur og fellesskap, fortel dei to kunstnarane.

Mat grip inn i alle delar av livet og er noko alle menneske må forhalde seg til. Ho er meir enn næring – eit møte som formar både kultur og fellesskap. I Todalen har matkulturen vakse fram frå ei tid då råvarene vart henta frå landskapet rundt og foredla etter lokale tradisjonar. Denne arven er framleis levande – ikkje alltid i ein hektisk kvardag, men i haldninga til mat som fellesskap og handverk, noko også Siri og Toril opplever som eit slektskap til eigen kunstpraksis. Mat kan vere både personleg og relasjonell, eit uttrykk for identitet og ein felles kulturarv – og som i kunsten, kan ho vere både motiv, materiale og sjølve handlinga.

Ein av studentane frå Finnmark konkluderte under måltidet: «Det her er heilt Kautokeino!» – og betre skryt kan ein knapt få. Når Todalen får folk til å kjenne seg heime, over 115 mil unna, då har noko verkeleg verdifullt vakse fram.

Flere personer som danser i en gymsal, og en mann som sitter på en stol og spiller fiolin.
Studentane synte at dei hadde god tak i polsfoten. Kurset vert halde av Rune Hamen og co og Torgeir Leivdal er som alltid, dyktig spelemann.

-

Skulstuå takkar for triveleg besøk og ynskjer Ytre Kunstskule velkomne igjen.

ANNONSE:

Skulstuå melder om at det framleis er to søndagar att med polskurs, så alle er velkomne søndag 26. oktober og søndag 2. november frå kl. 18 – 20 i Todalen skule, Pilskarvegen 37.

Les meir om dette på facebooksida til Skulstuå i Todalen.

Powered by Labrador CMS