Kulturvøkku 2021

Musikarar på høgt nivå samla rundt flygelet, og for flygelet!

Musikarane fann tonen

Søndag kveld vart det sett punktum for Kulturvøkku 2021 i Rindal med ein varm sommarkonsert i Rindal kirke. Kantor Bjørn Vevang hadde i regi av Arena:Kirke fått med seg Toril Moe, Espen Selbæk og Ronny Kjøsen. Saman sørga dei for ei flott musikalsk oppleving for dei rundt 70 frammøtte.

Publisert Sist oppdatert
Rønny Kjøsen, trekkspel og Bjørn Vevang, flygel

Det var litt kjølegare i Rindalskirka enn ute denne varme sommarkvelden, men konserten gav ei oppleving som varma forsamlinga som kvitterte med kraftig applaus, ståande til slutt!

Toril Moe fekk akkompagnement av flygel og trekkspel.
Toril Moe fekk også akkompagnement av Ronny Kjøsen der han viste at han beherska tangentane på flygelet like godt som knappane på trekkspelet!
Espen Selbæk akkompagnerte seg sjølv på flygel, og han fekk også støtte frå Vevang på orgelet frå galleriet.
Espen Sebæk la inn både modulering og falsett i rein Grand Prix-stil i eit av numra!

Programmet hadde fint spenn frå Ave Maria og Adagio cantabile til Menuett på trekkspel. Under den siste kjente vi at englene svinga seg i kirka!

Kjøsen med Menuett

Planen var at konserten skulle ha ein fiolinist. Ronny Kjøsen steppa inn og erstatta fiolin med trekkspel. Utruleg kor godt det fungerte! Kjøsen og Vevang smelta tonane sine saman som om dei aldri hadde gjort noko anna. Desse må vi få høre meir frå, for her var det mange fantasifulle arrangement!

Mange ønsker seg nok også ein duett med Toril Moe og Espen Selbæk!

Og lydbildet ut til publikum var perfekt styrt av Frank Spoon Botten.

Etter ståande applaus frå publikum, kunne kultuledar Morten Møller takke musikarane for ein framifrå konsert.
Powered by Labrador CMS