ANNONSE:

Vokaltrioen AD UNDAS

AD UNDAS på arboret

Svinviks arboret ønsker velkommen til konsert med vokaltrioen AD UNDAS fredag 08.juli kl. 19.00.

AD UNDAS er ein a cappella vokaltrio som sidan 2013 har reist rundt og fylt både naust, bunkersar, kyrkjerom og bygdetun med sine sterke stemmer og fortryllande klangar. Gruppa har eit originalt konsept med eigenarrangerte låtar og gir både pop, rock, folketonar og viser eit tidlaust preg. Trioen består av Marte Fillan (Trondheim), Margrete Wilhelmsen (Mandal) og Sunniva Fossly (Hallingdal).

Instrumenta er sett igjen heime når dei no turnerer frå Sunnmøre til Trøndelag med “Stier av gull”, ein konsert bunden saman av små forteljingar om dei ulike retningane me menneske vel oss i livet, eller stigane me hamnar på. Alt i alt byr dei på ei magisk og litt annleis konsertoppleving som passar både store og små.

Konserten vert halda utandørs i arboretet.
Kafeen held open.
Inngang i arboretet er inkludert i billetten.

Billettar vert kjøpt i døra (vipps, kontant,kort)
Vaksen - 200,-
Barn/ungdom under 18 år - 100,-

Dørene, og kafeen opnar kl. 18.00, konsertstart kl. 19.00.

Powered by Labrador CMS