ANNONSE:

To gutter spiller på ipad på scene

Minecraftmagi i Surnadal

«DET MØRKE FORTET er vårens eventyrforestilling», melder NRK. Onsdag 28. februar kl. 18 kjem Riksteatret og Teatret Vårt til Surnadal med noko av det mest spektakulære vist frå teaterscena.

Premieren er lagt til Molde, fredag 23. februar, og Surnadal er andre stoppestad på turneen her i fylket. NRK har allereie sett stykket og meiner dei har opplevd noko magisk: «DET MØRKE FORTET er et kraftfullt eksempel på hvordan spill og teater kan berike hverandre», startar dei sin omtale med.

Så kva gjer DET MØRKE FORTET, tenkt for dei som er over seks år og oppover, så annleis enn andre teaterstykke? Jau, av di «det er mulig å lage scenekunst for forener gaming og skuespill. DET MØRKE FORTET er trolig vårens sterkeste og mest spennende teatereventyr», etter kva teaterkritikaren til NRK skriv.

For DET MØRKE FORTET handlar om ein tolvåring som har det vanskeleg heime og flyttar til storebroren sin for ei tid. Her møter han ei jente som er på sommarleir der ho lærer å overleve ute i naturen på dagtid, og spelar dataspelet «Minecraft» på kveldstid – med eit skummelt fort dukkar opp i spelet.

Og dei som kjenner til Minecraft vil nok også kjenne seg att i teaterstykket. I tillegg vil seks unge frå Surnadal bli med som skuegamarar og vere med på sidelina under stykket. Den kjente youtuberen Jonas Lihaug (Fredriksen) er også med som skuespelar. 56.000 følgjer med når han spelar Minecraft på sin eigen youtube-kanal.

Men om vi ser bort frå det reint tekniske, tek teaterstykket for seg menneskelege tema som korleis ein skal handtere det vanskelege, om korleis ein skal leve med seg sjølv og andre – kort sagt: om å vere menneske.

Stykket blir altså framvist onsdag, og ver obs! på at det ligg mange mulegheiter for rabatt ved billettkjøp. Er du elev ved ein kulturskule, er du medlem av Coop, er de fire eller fleire…

Her er heile omtalen til NRK sin kritikar: https://www.nrk.no/anmeldelser/anmeldelse_-_det-morke-fortet_-ved-riksteatret-1.16770814

Meir om stykket og billettkjøp: https://surnadal-kulturhus.no/det-morke-fortet-teatret-vart-p3kbg2/

Minecraft rekvisitter på scene
teater på scene, tre mennesker
Powered by Labrador CMS