«Jo mere vi er saman», jo …?

Teatret Vårt med nyskrive teaterstykke – laga spesielt med ein liten (bak)tanke på fogderikamp i Møre og Romsdal, men generelt også i alle samanhengar der det er snakk om eit «oss»; ikkje minst i ei tid der det rasar ein krig i Europa.

For treng vi eigentleg samarbeide med dei andre? Dei irriterande? Dei som du meiner ikkje bidreg? Dei med ei anna dialekt og som attpåtil held med «feil» fotballag?

I «Jo mere vi er saman» møter vi fire med dei rette haldningane som møter seg sjølv i døra. For, som Klassekampen skreiv: «Men så er det diverre slik at når det er eit «oss», så finst det også eit «dei». Dette er det (…) dei fire på scena utforskar, og dei syner kor skjøre spranga mellom fellesskap og utanforskap kan vere. Det er gjort intelligent, velspela, artig, og også ganske vondt".

Romsdals Budstikke meinte også dette var eit ubehageleg aktuelt teater: «Det gjør at latteren, som alltid er på lur, av og til blir sittende fast i halsen. Hva er det egentlig vi ler av? Det er både vondt og morsomt på samme tid» (terningkast 5).

Teatret Vårt kjem til Surnadal kulturhus med «Jo mere vi er sammen» måndag 25. april kl. 19.

Powered by Labrador CMS