ANNONSE:
Bob Dylan – 60 år på 60 minutt
Litteraturhus i Møre og Romsdal og Surnadal bibliotek inviterer til møte med den lidenskaplege Dylan-nerden Espen Aas onsdag 9. november.
Espen Aas er for dei fleste mest kjent som programleiar i Dagsnytt 18 og Dagsrevyen – og, før det, som NRKs engasjerte London-korrespondent.
Det ikkje så mange visste, er at han også er meir enn engasjert i musikaren Bob Dylan – som også vart tildelt Nobels litteraturpris for seks år sia for sine tekster. Aas har vore på fleire enn 30 Dylan-konsertar og skal ha smått utrulege 80 000 ulike versjonar av Dylan sine låter heime.
Noko av denne grensesprengande kunnskapen om Bob Dylan vil han dele i kinosalen onsdag 9. november kl. 19 gjennom historier, anekdotar, musikk og videosnuttar.
Det er fri inngang og ingen reservasjonar på førehand.