ANNONSE: Surnadal kulturhus

"Til oss-fra de eldste" 

Linn Skåbers bok har vorte teaterforestilling, og torsdag 8. februar kl. 12 kan du få den med deg i Surnadal kulturhus.

Hør Astrid Overaa fortelje om livet og alt vi må gjera før vi trur det er for sent. Forestillinga er ei bridgeblanding av song og musikk, latter og ettertanke. Historiene er, som nemnt, henta frå Linn Skåbers populære bok, og Astrids eigne tankar om å bli eldre.

“De gamle bør være mer med de yngre, slik at de yngre blir bedre yngre, og de gamle bedre gamle”.

I denne forestillinga får vi høre ulike historier frå levde liv. Nokon saknar ein å sitte saman med på verandaen og nyte ein Irish Coffee, medan andre lengtar etter vener og slekt som no er borte. Nokon har begynt å gløyme, medan andre kanskje finn kjærleiken i godt vaksen alder. Om dei grip sjansen da. Og nokon håpar at det finst ei brukarrettleiing frå Clas Ohlson eller Gud om korleis ein skal leve som eldre.

“Å se seg i speilet er en overraskelse hver dag. Man forventer å se seg selv, og så kikker en ukjent gammel dame på deg”.

Astrid Overaa og Linn Skåber har arbeidd tett saman i mange år. For nokre år sidan fabulerte dei kring livet, døden, kjærleiken – og komande prosjekt. Etter dette har Linn gjeve ut fleire bøker, og sist «Til oss – fra de eldste». «Eg ELSKAR bøkene til Linn Skåber! Og no er eg så heldig at eg får gjera nokre av tekstene til mine», seier Astrid. 

Torsdag 8. februar – og merk deg tida – kl. 12 vil vi få oppleve kva ho har fått gjort med tekstene til Linn Skåber i kulturhuset.

Inngang kostar kr 140, forestillinga er ein time lang og er støtta av «Den kulturelle spaserstokken» (Møre og Romsdal fylkeskommune).

Powered by Labrador CMS