Kvinnelig artist på scenen, sammen med to mannlige musikere
Charlotte Audestad på scena hos Surnadal Billag

Frå Dehli til Røv på Øra

Det var altså eit vidt spenn på det som vart vist fram på billaget på Surnadalsøra denne solvarme fredagen under årets Vårsøghelg. Dei som hadde valgt bort tacokvelden og teke turen til billaget fekk både orientalske rytmar og «saue-jazz»!

Publisert Sist oppdatert

Det var to konsertavdelingar denne kvelden, og første innslag i første del, var Hapreet Bansal band. Dei presenterte nokre låter i musikkstilen «Raga» , som er klassisk indisk musikk. Frontfiguren, Harpreet Bansal er ein norsk/indisk fiolinist og ho kunne fortelja at ho var vakse opp med Raga-musikk, og lagar musikk inspirert av indisk musikk. Instrumenteringen er noko uvanleg enn vi er vane med i Surnadal for det vart traktert både santur, tabla og harmonium i tillegg til fiolin. Det lèt utruleg fint, og om man blunda augo, så var det mest som ein var midt i ein pulserande storby i India! Det fortreffelege bandet bestod, i tillegg til Harpreet Bansal, av Andreas Bratlie på tabla, Vojtech Prochazk på harmonium, Adrian Myhr på kontrabass og sist men ikke minst Javid Afsari Rad på santur! Kjempeoppleving!

Harpreet Bansal Band

Neste på programmet var Sauejazz-bandet Røv Mølle, med surnadaling Frank Hannasvik på slagverk, eller rettere sagt perkusjon, for det var montert eit antal sauebjeller på trommesettet som dro publikum inn i sauenes verden! Medan Hannasvik kom med anekdoter om sauehald, gamle sauerasar, kraftfòr og attgroing av kulturlandskapet i landet, hamra dei laus i eit forrykande tempo, med heftige jazzrytmar! Svært gode musikarar gav eit forrykande saue-show til eit engasjert publikum og hausta mykje åtgaum! Fortent sådan! Takk,Røv Mølle!

Band på scenen. Tre musikere med gitar. slagverk og bass
Røv Mølle

Neste konsertavdeling vart opna av superøversurndaling Gøran Bolme, som på sedvanleg vis fortalde på humoristisk om korleis livet er i øverbøgden. Det var plager som skrint jordsmonn, som gjorde at potetavlinga i dalsegglia berre vart slik passeleg bra då settpoteta måtte festast med teltpluggar og bestemors gitar som mest vart bruka som krokkettkølle og lemen-racket(!) Dei frammøtte lo så dei mest sette bacalaoen i vrangstrupen! Ja, for det var servering av bacalao som var sponsa av Norsk kvalitetsmat! Gler oss allereie på neste rapport frå øverbøgda!

Artigkaill Gøran Bolme

Sist ut på scena var hitra-væringen Charlotte Audestad. Trønderen er ein singer/songwriter som med sine vakre tekster på trøndersk om daglegdagse ting, men mest om tapt kjærleik, ifølgje Audestad sjølv. Audestad er, i tillegg til å vera ein fantastisk låtskriver, ein meget god gitarist og saman med sine medmusikantar, skapte ho ein feel-good stemning, med fint samspel, gode låter og tekst, samt gode replikkar mellom låtane som fall i god jord til dei i salen!

Charlotte Audestad

Etter konsertane, snurra Ole Magne Ansnes grammafonen, og underheldt med variert musikk på vinyl!

Festivalsjef Anders Larsen sydde saman kvelden på ein fin måte

I sum kan det seiast at denne kvelden blei av det minnerike slaget, med god musikk, god mat, god stemning og vidt spenn! Akkurat det vårsøghelga skal vera! 

Stemningsbilete frå billaget

Takk for ein særs fin kveld!

Powered by Labrador CMS