Pressemelding frå Jazzåteatret produksjon

Arkivbilde fra Lady Arbuthnott 2011

Nye navn i Ladyens 25 år

Når teppet går opp for Lady Arbuthnott på premieredagen 22. juni i Hovshall, vil det væra nye fjes å sjå på scena. Både Karen Lønseth, Lars Hoås og William Arbuthnott vil bli tolket av nye navn.

Karianna Sommero (27) var med i oppsetninga på Leikvin i august, og er da ikkje heilt ny for publikum, men debuterer i Hovshall som Karen Lønset. Karianna er godt kjent for oss på Nordmøre, med mor Anne Kleivset frå Halsa, og far Henning Sommero frå Surnadal. Ho er for tiden aktuell på «Turnéteatret» i deira storsatsing «Bør Børson jr». Til hausten skal ho også ha ein sentral rolle i «Spelet om Mardøla». Ho har si utdanning frå Nord Universitet, og har motteke fleire talentprisar i trøndelag.

Karen Lønseth sin motspelar Lars Hoås vil også væra ny i år. Jon Lockert Rohde (33) er oppvokst på Røros, og er utdanna ved Romerike Folkehøgskole og Bårdar Akademiet. Han har i fleire år spilt i utandørsteatret Elden på Røros, og debuterte på Trøndelag Teater som Berger i Hair. Etter dette spelte han i trøndermusikalen Kongen av luftslott på Rock City i Namsos.

I rollen som William Arbuthnott finn vi Anderz Eide (46). Anderz frå Hålandsdal i Hordaland, og er utdanna ved Bergen Teaterskole og Romerike Folkehøyskole. Han har jobba ved bl.a. Det Norske Teatret, Riksteatret, Trøndelag Teater, Den Nationale Scene og Oslo Nye Teater. I tillegg har han medvirka i ei rekke TV-produksjonar og filmar i Noreg og Sverige. I 2015 mottok han Kanonprisen for beste mannlege hovudrolle i filmen «Høvdinger».

Powered by Labrador CMS