Stangvikfestivalen 2026 med breitt program for alle
Stangvikfestivalen er klar med årets program, og frå 11. til 16. august inviterer festivalen til heile seks dagar med musikk, kunst, forteljingar og opplevingar på nokre av dei mest særprega arenaene på Nordmøre.
Eit mangfald av musikk og kulturopplevingar
Årets festival byr på eit mangfald av uttrykk – frå opera, kammermusikk og kyrkjekonsertar til familieforestillingar, kunstutstilling, boklansering og musikalske møte mellom profesjonelle musikarar og publikum.
– Vi er stolte over å kunne presentere eit program som både tek vare på festivaltradisjonane våre og samtidig opnar for nye opplevingar. Her finn ein noko for både dei som har vore med festivalen gjennom mange år og dei som besøker oss for første gong, seier kunstnarleg ansvarleg Sigrid Vetleseter Bøe.
Festivalen opnar tysdag 11. august med opningskonsert på Bøfjorden sjøbruksmuseum, der årets festivalartistar gir publikum ein smakebit på innhaldet gjennom festivalveka.
Frå salongkonsert til musikkteater
Gjennom veka kan publikum mellom anna oppleve salongkonsert med Afternoon Tea på Rønnan, operakvelden «Hekta» i Todalen ungdomshus, familiekonsert på Rutå, kammerkonserten «De nære ting» på Stangvik prestegard og kunstutstillingsopning med årets festivalkunstnar Yngvild Sæter.
Eit av høgdepunkta kjem fredag kveld når tenor Arnstein Morken og SiTron framfører Peter Maxwell Davies sitt banebrytande musikkteaterverk «Eight Songs for a Mad King». Same kveld står Rasmus Rohde og band på scena med konserten «Løgner i sanntid», der skarpe tekstar og satiriske skråblikk møter fengjande melodiar.
Laurdagen byr mellom anna på urframføring av familieforestillinga «Mannbjønnen», basert på ei dramatisk bjørnehistorie frå Nordmøre, den storslåtte kyrkjekonserten «Skaparverket» i Stangvik kyrkje og festkonserten «Cinema Paradiso» i Bondehuset.
Festivalen blir avslutta søndag med boklansering og konsertføredrag ved Rannveig Eikrem, som presenterer den nye boka om Halse og folketonane.
Ein møteplass for heile regionen
I tillegg til konsertane ønskjer festivalen å vere ein møteplass for både bygdefolk og tilreisande. Fleire arrangement har fri inngang, og publikum får høve til å møte både kunstnarar, musikarar og andre kulturinteresserte gjennom festivalveka.
Årets festival blir også den første med dei nye festivaldatoane i august, noko arrangørane håpar vil gi endå fleire moglegheit til å oppleve innhaldet gjennom heile veka.
– Stangvikfestivalen handlar om dei nære møta mellom artistar og publikum. Vi gler oss til å fylle bygdene våre med musikk, kunst og liv igjen, seier Bøe.
Program for Stangvikfestivalen 2026 finn du her:
Program og billettar blir tilgjengelege frå fredag 6. juni kl. 12.00 på stangvikfestivalen.no.