Atter triveleg dans i ungdomshuset
– Ho ga seg ikkje før eg hadde stega inne og den rette svikten, seier Rune Hanem om då han fekk lære polsdans frå Nordmøre i Todalstradisjon frå Olina Halle. No er han, saman med kona Jorunn, tilbake i Todalen for å gi dansen vidare til ivrige kursdeltakarar. Han fortel at rytmen i Todalspolsen er heilt spesiell, den finns ikkje nokon annan stad.
Polsdans frå Nordmøre i Todalstradisjon er ein levande del av vår felles kulturarv, handlingsboren kunnskap som berre kan lærast mellom folk i same rom.
Skulstuå si store satsing på polskurs har vist seg å vere ein suksess. Til saman 47 personar i alle aldrar har delteke på ein eller fleire kurskveldar, og terping på steg og vanskelege vendingar ikkje har stått i vegen for god stemning. Dansekveldane har samla folk frå heile regionen, både med og utan tidlegare erfaring, og er ein inkluderande møteplass for alle som ynskjer å delta.
I pausen er det alltid kveldsmat med heimelaga salatar og brød. Praten går livleg, og er eit tydeleg bevis på at påstanden om at «dans gjer deg glad» stemmer.
Vi er veldig takknemlege for at Jorunn og Rune tek turen til Todalen og deler så entusiastisk og tolmodig av kunnskapen deira!
---
ANNONSE:
Neste kurskveld er tysdag 28. april kl. 19, og Skulstuå i Todalen ynskjer alle velkomen til Todalen ungdomshus!