Blogg frå Bøe

Trollheimsporten presenterer: Blogg frå Bøe

Publisert Sist oppdatert

Fremover vil den for noen kjente sangerinnen Sigrid Vetleseter Bøe levere en spalte/blogg/post (du velger selv) til Trollheimsporten. Her vil Sigrid med ujevne mellomrom dele fra sitt liv om jobben som sopran ved Operaen i Stockholm og frilanslivet ved siden av.

Så uten noe mer snikksnakk lar vi Sigrid få ordet:

Velkomne til Blogg frå Bøe

Hei, alle saman!

Så triveleg at du vil henge på og lese om livet mitt her i Stockholm. For tida jobbar eg på Kungliga Operan som solist, og reiser litt rundt på andre jobbar mellom slaga. I desse dagar jobbar eg med to produksjonar samtidig; vi har siste øvedagar før premiere den 15. desember på Puccinis opera «La bohème» der eg gjer rollen som Musetta, og eg gjer også rollen som 1. dame i Mozarts hit-opera «Tryllefløyten», eller «Trollflöjten» som vi kallar den her.

I dag, 7. desember, har vi første orkesterprøve på «La bohème». Det vil altså seie at vi spelar alt vi skal scenisk medan orkesteret sitt framfor scena i orkestergrava. Fram til no har vi jobba med piano-akkompgnement.

På garderobeplassen min ligg noten med alle kommentarar, samt både pudder, leppestift, hårnåler og tilbakemeldingar frå italiensk-coachen vår.

I vår oppsetning av La bohème har regissøren bytta ut namna på fem av hovudrolle-karakterane. I staden for å følgje italiensk-franske bohemar, følgjer vi i denne sammanhengen Edvard Munch, August Strindberg, Edvard Grieg og Søren Kirkegaard. Eg sjølv spelar Tulla Larsen, Edvard Munchs store flamme frå verkelegheita.

Etter dagens prøve blir det faktisk heimekveld med familien før det er klart for både orkesterprøve og forestilling i morgon, 8. desember. Vi sjåast da!

Puss & kram, vi ses på stan!

Sigrid

I skapet bak meg heng kostyma til både «Trollflöjten» og «La bohème» pluss eit par treningssko som brukast nede i treningsrommet på operaen mellom slaga når det er ekstra lange dagar.
Powered by Labrador CMS