Pressemelding:

Helge Gravvold gjorde suksess med musikalsk vårhyllest, no er han ute med sommarsong

Helge Gravvold gav tidleg i mai ut «Vi skåler for våren», og på berre ein månad er den melodiøse og optimistiske låta blitt spela over 10.000 ganger på Spotify. No har Gravvold lansert ny låt - og denne gongen er det sommaren med sol og regn som får sin hyllest med singelen «Dette, det er sommer».

Den rutinerte låtskrivaren, vokalisten og gitaristen let ikkje koronaen stoppe kreativiteten. Tvert om: Helge Gravvold komponerer stadig nye songar, noko som no altså har resultert den allereie mykje spela «Vi skåler for våren» og den heilt ferske «Dette, det er sommer».

- Våren og sommaren med varme dagar og tru på betre tider, fortener å bli hylla. Koronaperioden vi har vore gjennom, pregar sjølvsagt mange. No er forhåpentlegvis koronaen i ferd med å sleppe taket. Da vil eg gjerne gi mine bidrag til optimisme og samhald i form av desse songane, seier Gravvold som opprinneleg er surnadaling, men no bur i Ørsta.

Både den rocka «Vi skåler for våren» og poplåta «Dette, det er sommer» er nye samarbeidsprosjekt mellom Gravvold og tekstskrivar og journalist Bjørn Tore Brøske, også han frå Surnadal.

Tekst/musikk-samarbeid deira har pågått sidan 2016, og har så langt resultert i albumet «Ingen andre» frå 2018 og ei rekkje singlar. Den produktive musikaren har også songen «Bestevenn» klar for utgjeving i august, og i løpet av året blir det nytt album frå Helge Gravvold.

Med over 30 års rutine frå konsertscener og dansespelingar i Midt-Norge, er Helge Gravvold er eit kjent namn for dei musikkinteresserte. Han har også hatt fleire konsertturnear på Austlandet, og songane er blitt spela både på NRK og andre norske radiokanalar - og i Brasil og Argentina! Til dømes er musikkvideoane til rockelåta «Utan filter» og balladen «Eg elskar deg», i spesialversjonar med portugisisk teksting, sett over 20.000 gonger av brasilianske fans på YouTube.

Powered by Labrador CMS