Spennande rockevår

Frank sPoon Botten og Gard Rognskog Nødset i The Lombal Project

Hektisk vår for Frank sPoon

Ny musikk frå The Lombal Project og SPOONMAN

Publisert Sist oppdatert
Lombal

Frank Spoon Botten har ikkje ligge på latsida i det siste, og har fleire musikalske prosjekt på gang. Attåt at han driv Dream Farm musikkstudio, der dei spelar inn musikk for andre, produserer han eigen musikk. I dag, fredag, på 43-årsdagen sin, gjev han og Gard Rognskog Nødset i The Lombal Project ut ny singel. Singelen My Mind, Rewind er den tredje i rekka. I januar slepte dei den første singelen What you want me to, og i februar kom Lombal. Frank fortel at låtene handlar om kropp, sjel og psyke, og er litt annleis enn mykje av det han har drive med elles. Det er meir elektronisk og synthbasert. Dette har han gått med inni seg lenge, og inspirasjon kjem frå ein periode han var oppteken av tecno og trance. Den nye singelen er meir drøymande enn dei første, men føyer seg godt inn i rekkja og er veldig behageleg å høyre på. Dei har ein tydeleg raud tråd i produksjonen. Planen er å sleppe ei låt kvar månad gjennom året, som til slutt blir eit album. Kanskje blir det utgjeve på vinyl. Dei groovy låtene innan sjangeren alternativ rock fell i smak hos underteikna, og fortener å lyttast til om igjen og om igjen. Du finn dei førebels på streametenester og på YouTube. Det er rimeleg tøft at det blir produsert så feit musikk i Surnadal. The Lombal Project er gjennomført på alle vis, og har ein visuell profil med bilde laga av Steve Hacks/Rolf Paulsen til kvar song. Desse er til no trykt opp som puslespel og på t-skjorter.

Silent Psalm, platecover, bildet er sett saman av bilde av alle tre i powertrioen.
The Adamant, 2020, gjer at det gledast til nytt SPOONMAN-album

Og The Lombal Project er ikkje einaste bandet Frank gjev ut musikk med no. SPOONMAN kjem ut med sitt sjette album 28. april, og dagen etter blir det releasekonsert på kulturhuset. Albumet heiter Silent Psalm, og er i følgje dei sjølve ei stille bøn om at vi alle må skjerpe oss, bli betre menneske og ikkje berre tenkje på eiga vinning og profitt. Dei vil gjennom dynamisk rock i låtene presentere personlege, djupe, poetiske og rørande historier. Med bandets førre album som sett oss litt tilbake til det beste rocketiåret, nemleg nittitalet, snurrande på plåtespelaren, gledast det til plata kjem. Vinylen er trykt og på veg til Surnadal. Dette bandet er ei gåve for oss som likar f.eks Queens of the Stoneage, Foo Fighters, Radiohead og anna med røter i grunge/stoner-rock.

SPOONMAN er Frank sPoon Botten (vokal, gitar), Torbjørn Kvande (bass, vokal), Jon Landsem (trommer).
Powered by Labrador CMS