Kulturskulens sommarkonsert

Eit semester er ferdig ved Surnadal og Rindal Kulturskule og torsdag kveld hadde elevane frå Surnadal konsert for å vise kva dei har lært! Det viste seg at dei hadde lært ganske mykje! Ei gnistrande forestilling blei levert!

Publisert Sist oppdatert

Ein nesten fullsett sal i kulturhuset på Skei fekk servert både knallgodt skodespel og supert framført musikk! Det heile opna med ein teatertrupp som framførte «De fargeriken pannekakene» til stor applaus og fliring, før det deretter gjekk slag i slag med band, solistar, piano og fiolinspel og vi i salen kosa oss godt med det elevane leverte! Kulturskulen gjer ein super jobb, ja reine talentfabrikken! For ein ting er sikkert; Det «kryr» av talentar og mange av dei vil nok være kulturbærarar i bygda i mange år framover! Takk for opplevinga!

Sjå bilete frå sommarkonserten

Powered by Labrador CMS