Henning Sommerro.

Henning i storform

10. trinn ved Surnadal ungdomsskule fekk ein time med Henning Sommerro i storslag fredag.

Vårsøghelga er i full gang, og tradisjonen tru var dei eldste ungdomsskuleelevane gjestar under Henningtimen. Der varta det som vel må vere Surnadal sin bortimot største son opp med både flott musikk og humoristiske skråblikk, i sedvanleg stil.

Grunna koronavaksinering vart Henningtimen i år flytta frå Svorkasalen til Storstuå i Surnadal kulturhus.

Det er i år 50 år sidan Sommerro laga melodi til «Vårsøg», og under Henningtimen fekk 10. klassingane høyre om Henning si musikk-karriere, heilt frå starten, som var på heimelaga el-gitarar, laga i sløyden.

Forteljinga gjekk vidare, som livet til Sommerro, via Musikkonservatoriet i Trondheim og revymiljøet i Surnadal. Under Henningtimen vart revymiljøet representert ved ein, som alltid, vaskeekte «Bøverdalsrock», der elevane bidrog med taktfast klapping.

Det kunstnariske leiaren for Vårsøghelga, eller kunstnarisk konsulent, som Sommerro sjølv kalla seg, fekk 10. klassingane til å dra på smilebanda titt og ofte. Han gav ros til dagleg leiar Anders Larsen og styret for jobben som er gjort med Vårsøghelga, og spelte ned betydninga av sin eigen rolle.

– Eg skulle gjeve meg for lenge sidan, men det er så artig, og eg gjer så lite, at det er no kjekt å vere med, og. Ja, ein må sleppe til nye folk og yngre krefter, men samtidig kan det vere greitt at dei yngre har kontakt med gammalt folk og, sa Sommerro, og la til:

– Eg har alltid vore oppteken av å rive ned aldersbåsane. Alle eg samarbeidde med då eg var liten var 80 år. No er alle dei daude, og det er eg som nærmar med den alderen. Dersom ein berre samarbeider med folk på sin eigen alder – er det så bra? Det skulle vore meir samarbeid på tvers av aldersgrupper.

Taffelpikene, som spelar eigen konsert laurdag, var og på scena under Henningtimen, der dei leverte av vakker framføring av utdrag frå stykket om Frøya, som Henning Sommerro har komponert.

Sommerro sjølv varta så opp med ein humoristisk improvisasjonssekvens, før ein fin musikk- og lokalhistorietime for 10. trinn vart avslutta med «America», tredje del av Henning sin komposisjon «Ujamaa & The Iceberg».

Henning Sommerro i samtale med Taffelpikene etter Henningtimen.
Powered by Labrador CMS