Stor musikkveld med desse tre: Ronny Kjøsen, Kristin Farstad Bjørdal og Asta Soffia Thorgeirsdottir.

Konsertnytelse i Åsskard

Eitt ord kan oppsummere accordeon-konserten i Åsskard kyrkje måndag: NYTELSE. «Storm Duo» og Ronny Kjøsen gav ei lydhør, om enn lita, forsamling ein herleg kveld.

Publisert

Vår eigen toneakrobat Ronny hadde invitert to velstuderte og virtuose trekkspel-ambassadørar, «Storm Duo» - med sunnmøringen Kristin Farstad Bjørdal og islandske Asta Soffia Thorgeirsdottir.

Avliva ubegripeleg myte

Desse tre avliva ein gong for alle den ubegripelege myten om trekkspelet som «orgelets forhatte lillebror». For nettopp i opningsnummeret - bevisst eller tilfeldig oppsett - leika jo kyrkjeorgelet og trekkspela saman på herlegaste vis!

I den følgjande timen kom vakre opplevingar som som perler på snor. Mest som fint samkøyrde duettar mellom Kristin og Asta, men og som solonummer og triospel.

Kristin Bjørdal og Aasta Thorgeirsdottir kallar seg «Storm Duo». Og med både milde, vakre og brusande tonar tok dei forsamlinga med storm!

Grieg og Bach

Etter den glitrande bruremarsjen «Med syljer og stas» av Jens Synnes var det Grieg og Bach som fylte rommet. «Preludium» og «Sarabande» frå Griegs Holbergsuite gjorde stas på vår nasjonalkomponist – i dette verket «med barokkparykk».

Så annonserte Kristin med glimt i auget at dei svitsja «frå Holberg til Golberg», og Asta tok fram ein sats frå Bachs «Goldberg-variasjonar». Jenta frå Island elskar Bach for hans komplekse stil som samtidig flyt så musikantisk, sa ho. Og ho beviste det ettertrykkeleg med dette stykket, der fingrane dansa som fuglevenger. Orgel-gigant Bach ville ha fryda seg ved å høre «lillebror-instrumentet» leika så lekkert med tonane hans!

Ronny med ord og tone

Etter to velklingande duettar, arrangerte av Tom Willy Rustad og Jo Asgeir Lie, fekk Ronny Kjøsen ordet og tonen. Først med ein følsam improvisasjon over «Kjærlighet fra Gud». Så fortalte han litt av trekkspelet si historie frå ein-raderen anno 1822 og fram til no. Den påfølgjande einrader-polsen røpa musikarens evner til både klangskaping og rytmisk driv – om instrumentet er «beskjedent».

Og tru det eller ei - på det gamle Rannei-orgelet (kyrkja sitt harmonium frå 1916, som blir restaurert når soknet får skaffa midlar) framførte han like godt ein livleg «Sonata» av ein anonym 1700-talskomponist. Bravo! Ronny avrunda si avdeling med ein personleg, jazz-gospelprega improvisasjon over «Go, tell it on the Mountain».

Allsidige Ronny Kjøsen tok også Rannei-orgelet i bruk. For å få sett dette i topp stand, har soknerådet starta pengeinnsamling. Kveldens framføring av «Sonata» frå 1700-talet var god reklame!

Varieté, «Brura mi» og meir til

Frå gospel gjekk Storm Duo over til variete og nyare accordeon-musikk. Stilfulle versjonar av Pietro Deiros konsertvals «Elvira», John Garts «Scherzo», Arnstein Johansens «Vals Elegance» og Harald Henschiens «Ved fjorden» fryda oss. Eit smilande publikum røpa at dei tok imot med opne sinn, forstod vi også på aktørane.

Avslutningsvis vart duoen til trio. Blant konsertens høgdepunkt var bryllaupsmarsjen «Brura mi» - laga av nettopp nygifte Ronny Kjøsen!

Og før heimturen fekk vi med oss både «Julottan» av Mats Wallman og ein vals av Andrew Walther – var det ikkje «Afton på Solvik», tru?

Forresten: Er det enno nokon som meiner at trekkspel er mindreverdig og «forhatt»? At det er lov å tru om att, beviste dei tre dyktige aktørane i Åsskard-kyrkja denne måndagskvelden!

Powered by Labrador CMS