PRESSEMELDING:
Kunstveka 2022
Surnadal har eit rikt kunstmiljø og sentrale aktørar er einige om å gå saman om ei mini kunstveke – i sommar. Vi ser betydelige synergiar ved å gå saman om å promotere eit breitt spekter av kunst framfor å promotere oss kvar for oss.
Dei som står bak kunstveka i år er Kunstforeninga i samarbeid med Surnadal Billag, Brit Dyrnes og Kallastua.
Kunstforeninga vil ha utstilling i Finstua på kulturhuset og har invitert ein svensk fotograf som har fotografert Formel 1, rundt om i verden. Vi ser for oss at desse bilda kan (om mogleg) engasjere mannfolka ytterligare inn i kunstens verden.
Elles er ikkje alle detaljane på plass per dato, men her er førebels programoppsett:
Torsdag 04.08
Kl 18:00
- Offisiell opning i Surnadal Kulturhuset – Prosjekt; Kunstveka 2022
- Surnadal kunstforening presenterer foto utstilling ved Lennart Jonasson – Formel 1
Kl 19:30-:21:00
- Kvenna Kunstverksted med Brit Dyrnes
Fredag 05.08
Kl 19:00-21:00
- Kallastua
- Odd Ingar Skrøvseth besøker Kallastua - Kunst og kultur frå Nordmarka
Lørdag 06.08
Kl 12:00-15:00
- Galleri Elvamelen - Pop-up utstilling
Kl 19:00-24:00
- Surnadal Billag - Utstilling og bygdefest
Laurdagens pop-up utstilling vil de finne langs elva melen, i Svartvassområdet om det blir finvêr eller inn i Surnadal kulturhus om det blir fuktig. Alle som har lyst til å delta kan stille her, ta kontakt med surnadal.kunstforening@gmail.com eller lilli.husby@surnadal.kommune.no for å få praktiske opplysningar om denne utstillinga.
For opningstider utover det de finn her sjekk prosjektdeltakarane på nett/sosiale media