Vårsøghelgkunstnar Knut Løvås

mann i dressjakke foran vegg med bilder
Klassekampen-illustratør Knut Løvås har til utstillinga prøvd å finne dei bileta som kan stå for seg sjølv, utan tekstane som høyrer til. Det er inga enkel oppgåve.

– Surnadal er ein mytisk stad for meg

Knut Løvås er illustratør for Klassekampen, og det har han vore sidan 2005. Sidan den gong har han teikna fleire tusen bilete for dei. No er vi så heldige å få oppleve eit utval av dei i Finstuå under Vårsøghelga 2024.

Publisert Sist oppdatert

Vårsøghelga 2024 har starta

Årets Vårsøghelg er offisielt i gang, og torsdag kveld blei Finstuå åpna for Knut Løvås si utstilling, med bilete basert på tekstar frå Klassekampen.

Det var godt oppmøte av sommarkledde, vårsøg-klare folk i foajeen. Håkon Svanem starta kvelden med å spele to nydelege songar på piano, "Comptine D' un Autre Ete" frå filmen Amelie, og "Spring Waltz".

Anders Larsen ønskte velkommen til det han beskreiv som ei heilt utruleg utstilling. 

– Vi gler oss! Det her har vi planlagt lenge, sa Larsen.

gutt på piano
Håkon Svanem spelte nydeleg musikk før åpninga. Vi fekk høyre musikk frå filmen "Amelie" og "Spring Waltz"
mann snakker foran publikum på bord
Anders Larsen ønskte velkommen til utstilling.

Mette Sæter Ormset i Surnadal Kunstforening introduserte kunstnaren og utstillinga og las dessutan to dikt. Ho fortalde om kor nøgde dei er med korleis den vart. Ho fortalde at dei, saman med Løvås, hang opp alle bileta i går. Totalt er det 99 bilete i Finstuå på Vårsøg-utstillinga.

– Fleire bilete trur eg ikkje det har vore i Finstuå på noko utstilling tidlegare, sa Ormset.

Ho ga ei gåve til Knut Løvås, på vegne av Surnadal Kunstforening, ei årbok med historia til kunstforeninga. Ho sa at dei sett stor pris på at han kjem med utstillinga si, og at vi er heldige som har fått han hit som årets Vårsøg-kunstnar.

dame med ark snakker foran folk
Mette Sæter Ormset fortalde om kunstnaren og utstillinga, samt las to dikt før dørene til Finstuå blei åpna.
mann med bok og dress, dame i hvit kjole
Knut Løvås fekk ei gåve frå Surnadal Kunstforening, ei bok om historia til kunstforeninga.

Kunst med fleire dimensjonar

Løvås har arbeidt som illustratør for Klassekampen i snart 20 år. Han er busett i Trondheim, med er fødd i Levanger. Han brukar skjermbasert teikneplate i sine daglege illustrasjonar.

I og med at han illustrerer til tekstar, veit han ikkje noko om kva han skal illustrere på førehand. Det gjer at han må gå grundig inn i stoffet, og finne kjerna i det som er skrive, og kutte ut det som er uvesentleg.

Kunsten til Løvås er slåande ved første augekast, men den har òg fleire dimensjonar og lag. Ein må derfor gå nærme og studere litt, kanskje sjå fleire gonger, før ein har sett bilete i si heilheit.

Løvås er, som Ormset seier, meister i å "avkle makta". Bileta hans gjer inntrykk og er svært engasjerande. Det er viktig for Løvås å få iakttagaren til å tenkje sjølv og reflektere rundt bileta.

folk ser på bilder på kunstutstilling
Det var bra oppmøte på åpninga av årets Vårsøg-utstilling.
teikning av bob dylan
Det var mange kjende fjes å sjå på utstillinga. Her, eit portrett av Bob Dylan.

Ikkje første gong i Surnadal

Knut Løvås har vore i Surnadal tidlegare, og har kjennskap til bygda. Dette er det første arbeidsrelaterte besøket hit, men han har vore i bryllaup her, og kjenner fleire frå Surnadal. Blant anna gjekk han på kunstlinja på Verdal saman med ein frå Surnadal.

– Dei har fortald så mykje fint om bygda, og det har på ein måte vore ein slags mytisk stad for meg, sa Løvås.

– Og eg er ikkje skuffa! Eg har vore rundt og sykla i dag, og det er jo så fint her, fortsette han.

Løvås og kona blir i Surnadal til søndag og skal vere med på det meste som skjer under Vårsøghelga.

folk på kunstutstilling
Ein må nærme bileta for å få med seg alle detaljane i bileta til Løvås.
bilder på hvit vegg
Aldri før har Finstuå hatt så mange bilete på ei utstilling som no.

Kvinne, gløym din kropp

bilde av bilde med en person under lampeskjerm, ved siden av ei lampe
Eit av bileta som er å sjå på utstillinga, "Kvinne, gløym din kropp".

Eit av bileta ein kan få sjå under utstillinga er "Kvinne, gløym din kropp". Det er basert på ein tekst av Olaug Nilssen som handlar om kroppsproblematikk, og korleis kvinner blir vurdert konstant. Og om å få lov til å slippe det.

- Eg skulle ønske at tekstane til bileta sto her, sa kunstnaren.

Han fortel at han har jobba hardt for å velje ut dei bileta som ikkje behøver så mykje forklaring, og som står bra for seg sjølv.

- Eg tykkjer eg sjølv har laga mange betre illustrasjonar enn det som heng her, men dei hadde berre kome til å hengt i lause lufta. Folk hadde kome til å lurt på kva det handla om, forklarar Løvås.

I framtida håpar han å finne ei løysing der han kan ha med noko av teksten ved sida av bileta, under utstillingar.

Han har arkivert alle bileta, men har ikkje telt dei. Han fortel at det er snakk om fleire tusen bilete. 

– Eg starta i 2005 og har jobba kvar dag, seier han. 

Han fortel at det er "eit helvete" å velje ut bilete til utstilling. Da må han prøve å sette seg inn i kva eigentleg folk kan sjå på utan at dei må ha ein tekst til. 

– I og med at eg kjenner konteksten, så er det så klårt for meg kva bileta handlar om, men det er det ikkje om du ikkje har lest teksten, fortsette han.

Klassekampen har eit kjempestort arkiv, så det går an å søkje opp bilete, og da kan ein lese teksten som høyrer til bileta til Løvås.

bilder på hvit vegg
Variert og slåande kunst av Knut Løvås.

Årest utstilling blei teke godt i mot, og vi anbefaler alle å ta turen for å sjekke ut dei unike bileta til Knut Løvås. Dette var ein god start på Vårsøghelga 2024.

Powered by Labrador CMS