Kommuneoverlegen i Surnadal:

Kommuneoverlege Bjørn Buan.

Vekestatus om smittesituasjonen og koronavaksineringa i Surnadal

Dette meldar Surnadal kommune på sine heimesider:

Status for lokal smittesituasjon

Surnadal kommune har eit pågåande lokalt utbot med stigande smittetrend over tid i kommunen og i kommunens bo- og arbeidsregion. Sjølv om smittesituasjonen er relativt roleg, har antal smitta i Surnadal på to månader auka frå omlag 20 smitta totalt til omlag 90 bekrefta smittetilfelle.

I Surnadal kommune er smittesituasjonen framleis ikkje påverka av omikronutbrot i regionen. Ein viss hale-effekt av dei strenge nasjonale tiltaka vi har hatt fram til no og god etterleving i befolkninga vår, kan vere ein av årsakane. Tiltaka frå førre runde var innretta mot den meir sjukdomsframkallande deltavarianten og hadde god effekt mot denne. Vi ser også at det først og framst er i dei større og folketette byane at omikronvarianten skyt fart. I mindre innlandskommunar som Surnadal lever ikkje folk like tett på kvarandre og omikronsmitten blir noko forsinka. Per i dag er det haldepunkt for at om lag 70 prosent av smittetilfella i kommunen skuldast deltavarianten.

Justeringane av nasjonale tiltak og endringa av TISK-strategien er retta inn mot den langt mindre sjukdomsframkallande omikronvarianten. Når smitten no vil auke, må vi ta høgde for at det hos oss vil vere den meir sjukdomsframkallande deltavarianten som spreier seg i første omgang. For å begrense lokal sjukdomsbyrde og unngå ukontrollert smittespreiing med deltavarianten, fatta kommuneoverlegen eit lokalt hastevedtak om gult beredskapsnivå i barnehagar, grunnskular og Vaksenopplæring. Dette vedtaket gjeld frå 17. januar kl. 00 til 24. januar kl. 24.00.

Du kan lese heile Hastevedtak i henhold til Smittevernloven § 4.1, fredag 14.01.2022 med grunngjeving her. (PDF, 155 kB)

Sidan sist måndag har kommunen fått melding om sju nye PCR-bekrefta smittetilfelle i private husstandar. Kommunen ventar svar på nokre PCR-prøvar i løpet av veka. Ved Nordmøre Folkehøgskule har ytterlegare ein elev fått bekrefta positiv PCR-prøve. Folkehøgskulen utgjer sin eigen kohort og med gode smittevernrutiner har dei hindra vidaresmitte til lokalsamfunnet.

Vi melder kun om PCR-bekrefta smittetilfelle hos personar som oppheld seg i kommunen til dagleg. Vi melder ikkje om positive hurtigtestar. Det kan difor vere avvik mellom publiserte smittetal frå Surnadal kommune og ulike offentlege statistikkar.

Status frå koronavaksineringa

Det er 3002 personar som er vaksinerte med tre dosar per 17. januar. Massevaksineringa vil opphøyre kring midten av februar, så dei som er på vent etter å ha fått SMS-innkalling må snart områ seg og bestille time. Etter denne veka blir det vaksinering kun på fredagar.

Etter anbefaling frå FHI skal vi no i gang med å gi tilbod om koronavaksine til barn 5 – 11 år og dose to til barn 12 – 15 år. Meir informasjon om dette kjem seinare denne veka.

Powered by Labrador CMS