Aktuelt frå Surnadal kommune:

Helsesjukepleiar Marianne Hansen Røv i Surnadal kommune

Informasjon om koronavaksinering i veke 5 og Vaksinetelefon

Det er 55 nye personar over 85 år som no får ein SMS med innkalling og tilbod om koronavaksine. Vi ber pårørande vere litt obs på dette.

Den første gruppa på 19 personar vart vaksinerte på scenen i Surnadal kulturhus torsdag, og det gjekk kjempefint! Neste gruppe på 55 personar vil få ei innkalling på SMS, og så må ein så raskt som muleg bekrefte om ein takkar ja eller nei til tilbodet om koronavaksinen.

Bekrefte vaksinering med SMS og digital påmelding i c19.no

I SMS-meldinga er det ei lenke til innlogging på nettsida c19.no. Dette er den same nettsida som mange brukar for å bestille koronatest. Her loggar ein seg inn med elektroniskID - akkurat på same vis som i nettbanken. Dei som no får innkalling på SMS med tilbod om koronavaksine neste veke, treng kanskje litt hjelp til å bekrefte digitalt om dei vil takke ja eller nei til vaksinen. Her må vi be pårørande om litt hjelp. Det går fint an å logge seg inn og bekrefte på andre sine vegne så lenge ein brukar rett personnummer og telefonnummer til den som har fått tilbod om vaksine. Deretter får ein oppgjeve oppmøtetidspunkt, stad og sete ein skal sitte på under vaksineringa.

Lenke for å bekrefte innkallinga: c19.no

Bekrefte tilbod om vaksine via kommunen sin Vaksinetelefon: 913 79 001

Dersom ein har fått SMS-innkalling og ikkje har nokon til å hjelpe seg, kan ein ringe Vaksinetelefonen og få hjelp. Dersom vi ikkje høyrer noko frå den som er innkalla vil personen bli oppringt. Ingen blir gløymt eller oversett!

Vaksinetelefonen er betent av helsepersonell og er open mellom kl. 09.00 - 15.00 måndag til fredag.

Praktisk informasjon

Ha på munnbind og romsleg overdel. Det heile tek omlag ein liten time. Pårørande bes vente utanfor. Den som skal vaksinere seg blir møtt av frivillige hjelparar og blir fulgt til setet sitt i kulturhuset.

Powered by Labrador CMS