Surnadal kommune melder:

Status frå koronavaksineringa - ein periode med kun vaksiner til dose 2

11.05.2021: Vi vaksinerer like mange som tidlegare, men med vaksineforsyningane vi får frå FHI no, vil det kun vere til dose 2 vi får vaksiner.

Dette betyr i praksis at det blir ein kortare pause i vidare innkalling til dose 1 i gruppe 4. Vi tek sikte på å kunne starte opp med innkalling til dose 1 for denne gruppa seinast i veke 22. FHi har varsla at det vil bli eit betydeleg løft i antal vaksinedoser inn til landet frå juni og utover. Mange kommunar heng litt etter no i mai, men ventetida er, trass i alt, snart over for dei fleste.

Til dei som skal vaksinerast fredag 28.mai

Alle dei som har timar kl 9.30, 10.30 og 12.30 vil motta SMS frå c19 med endring av tidspunkt, same dato men annan time. Dette skuldast arrangement på Kulturhuset i regi av Vårsøghelga. Av omsyn til smittevern må ein difor kun bruke ein inngang og eitt lokale i Kulturhuset. For alle denne dagen vil det vere inngang A (hovudinngangen) som gjeld. All vaksinering vil foregå i Svorkasalen (Bås A). Møt tidlegast 15 minutt før timen din for registrering.

Vi ber alle om å forhalde seg til timen ein har fått, så langt det let seg gjere. Spesielt i desse vekene i mai er det lite handlingsrom for endring av timar. Ei endring av timen din kan forsinke deg med opptil fleire veker i vaksineringsforløpet ditt. Dette grunna vaksineforsyningane Surnadal kommune får.

Lettelsar for vaksinerte

Vi minner om lettelsar for vaksinerte hos regjeringen.no Mellom anna er det lettelsar med omsyn til antal personar ein kan ha på besøk dersom ein er fullvaksinert, det er gått minst 3 veker sidan dose 1, eller ein har gjennomgått covid-19.

Informasjonen er henta frå Surnadal kommune si heimeside.

Powered by Labrador CMS