Pressemelding frå kommuneoverlegen:

Kommuneoverlege Bjørn Buan

Endring i vaksinestrategi utan vesentleg effekt på vaksineringa i Surnadal

Her kjem litt informasjon om koronavaksineringa og kva vi kan forvente dei neste par vekene.

Regjeringa vil innføre ei endring i sin vaksineplan etter råd frå Folkehelseinstituttet.

Endringa inneber ei geografisk skeivfordeling som fører til at Oslo-området vil få fleire vaksiner på bekostning av vaksineforsyninga til Surnadal og resten av landet.

Den nye vaksineplanen vil truleg tre i kraft i andre halvdel av mars. Tidspunktet fell saman med varsla opptrapping av vaksineleveransar til Norge. Massevaksineringa i Surnadal vil uansett fortsette for fullt, og vi tek imot så mange vaksiner vi kan, slik at vi unngår unødvendige utsettelsar.

Kommuneoverlegen understrekar at det ikkje er gjort endringar i vaksinestrategien som påverkar prioriteringa mellom personar i kommunen.

Forsinkelsar i leveransar av ein vaksinetype rammar eldre

Til tross for ein varsla auke i den totale vaksinetilgangen, må vi først gjennom ein kort periode med redusert antal vaksiner frå leverandøren Pfizer-Biontech, som følge av redusert import. Dette fører til at tidspunkt for første vaksinedose for personar over 75 år vil bli forsinka. Vi vil samtidig motta vaksiner frå ein annen produsent, Astra-Zeneca, som foreløpig er godkjent kun for personar under 65 år. Kommunens vaksinepersonell held styr på dette og sørger for at rekkefølge og vaksinetype blir i samsvar med myndigheitenes tilrådningar.

Surnadal kommune har takka ja til å motta og sette vaksiner, også i påskeferien. Vi kjem med meir informasjon påske-vaksineringa når vi veit kor mange vaksiner vi kan forvente å få.

Test deg

Vi minner vi om kor viktig det er at alle testar seg ved den minste mistanke i tida framover. For dei som er i innreisekarantene er det no eit krav at dei må teste seg på nytt på dag 7. Samtidig må vi fortsette med å halde avstand, begrense antal nærkontaktar og unngå innanlandsreiser som ikkje er strengt nødvendig.

Med vennleg helsing
Kommuneoverlege Bjørn Buan

Powered by Labrador CMS