Tre positive koronaprøvar i Surnadal - situasjonen er under kontroll

Det melder Surnadal kommune i ei pressemelding laurdag kveld.

Heile pressemeldinga, publisert 16.1.2021:

3 positive koronaprøvar i Surnadal - situasjonen er under kontroll

Kommuneoverlegen har laurdag kveld fått melding om to nye påviste smittetilfelle og eitt tilfelle med framleis svakt positivt prøveresultat etter tidlegare gjennomgått sjukdom:

Ein person heimebuande i Surnadal har etter heimkomst testa svakt positivt etter gjennomgått sjukdom på reise i utlandet. Personen er ikkje smitteførande.

Ein utanlandsk statsborgar har testa positivt i kommunen og er sett i isolat.

Ein gjestearbeidar har testa positivt ved innreise og er sett i isloat. To nærkontaktar er sett i karantene og blir framstilt for ny testing.

Alle var i karantene ved tidspunkt for prøvetaking og det er ikkje behov for lokal smittesporing.