SURNADAL KOMMUNE MELDER:

Kommuneoverlege Bjørn Buan

Surnadal kommune justerer vaksinasjonsprogrammet

På grunn av nye opplysningar om reaksjonar etter vaksinering med AstraZeneca sett FHI vidare vaksinering med denne vaksinetypen på vent.

Surnadal kommune justerer vaksinasjonsprogrammet etter nye føringar frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Vidare vaksinering i Surnadal vil skje etter gjeldande plan med ein annan vaksine (BioNTech/Pfizer), men med et litt lågare tempo, på grunn av dei reduserte leveransane kommunen vil motta.

Vaksinering fredag 12. mars

  • Planlagt vaksinering med AstraZeneca i morgon 12. mars blir utsett. Berørte innbyggarar vil motta SMS frå c19 med kansellering av vaksinasjonstimen.
  • Dei som har avtalt time til dose 2 med BioNTech/Pfizer i morgon skal møte opp til vaksinering som avtalt.

Vaksinering fredag 19. mars

  • Vi fortsett vaksineringa med den velprøvde vaksinen frå BioNTech/Pfizer.
  • Innkallingar til vaksine sendt ut i dag, torsdag, gjeld for vaksinering 19.03, og er med vaksinetype BioNTech/Pfizer.

Dei som har motteke vaksinen frå AstraZeneca i Surnadal kommune er helsepersonell og enkelte tenestemottakarar. Av 280 vaksinerte med denne typen har vi ikkje fått melding om alvorlege biverknader.

Vi reknar med at usikkerheita kring vaksinen frå AstraZeneca vil vere avklart før det blir aktuelt med dose 2 av denne vaksinetypen.

Med vennleg helsing

Kommuneoverlege Bjørn Buan og vaksinekoordinator Gunn Heidi Ansnes

Powered by Labrador CMS