ANNONSE:

Mann med blåe klær ser mot kameraet og spiller på gitar, og han har røyk bak seg.
Frode Alnæs

«Give me 5»-konsert med Frode Alnæs på Surnadal kulturhus

Frode Alnæs og femteklassingane inviterer til eit lysteleg musikalsk møte på Surnadal kulturhus torsdag 20. april. Det er berre å seie: Give Me 5!

«Give Me 5» er ein konsertserie der kjente artistar og kommunen sine femteklassingar opptrer saman – i tillegg til at gjesteartisten har ei eiga avdeling med sine songar, også med dei 61 femteklassingane som koristar på nokre innslag.

Denne eventyrblandinga av ein konsertserie starta tilbake i 2010, da med Haddy N’jie og Viggo Sandvik som gjesteartistar. Året etter backa femteklassingane opp Frode Alnæs – og no er han heldigvis tilbake igjen!

Frode Alnæs legg ikkje skjul på at han kjenner seg (meir enn) heime i Surnadal. Han gjekk på Nordmøre folkehøgskule 1978-79, og har alltid lagt stor vekt på at dette året betydde mykje for han, både som menneske og musikar. Frode komponerte m.a. rockeoperaen «Frosken som ikke forstod det kvekk» og nydelege «Vitae Lux» («Livets lys») medan han losjerte på Skeidstun. Dei som såg den joviale kristiansundaren på «Eides språksjov» i påska fekk med seg at det først brukte namnet på «Vitae Lux» var noko heilt, heilt anna …

Frode Alnæs har altså eit stort repertoar å velje mellom, både som soloartist og drivkraft attom «Dance With a Stranger», og han har runda 6000 konsertar sia han gjekk på folkehøgskulen. Så dette blir bra! Og garantert humørfylt til bristepunktet!

Og, som fotnote: veka etter, onsdag 26. april, kjem Teatret Vårt til kulturhuset med «Danse med skjebnen», som er ei musikalsk reise basert på akkurat låtene til «Dance With a Stranger». Også vel verdt å få med seg!

Powered by Labrador CMS