ANNONSE:

En ung mann i sort skjorte og en ung kvinne i sort overdel ser opp i lufta.
Ole Nilssen og Malin Alander

Trøen kammers­musikk: Draumkvedet i Øvre Rindal kapell fredag 10. mars

Fredag 10/3 arrangerer Trøen Kammermusikk Draumkvedet i Øvre Rindal Kapell kl. 19.00. Trøen Kammersmusikk lover ei sjelden konsertopplevelse for alle som er interesserte i god musikk, historie og språk.

Draumkvedet blir framført av Malin Alander (song), og Ole Nilssen (trekkspel).
Dei presenterer det tradisjonsrike visjonsdiktet, med fokus på tid, kontrastar og klangbehandling i eit intenst samspel. Draumkvedet har i deira form rom for både improvisasjonar og slåttespel, som byggjer opp under, og følger opplevingane til Olav Åsteson.

Konserten vil likevel formidlast med diktet og dei tradisjonelle melodiane i fokus. Han fell i djup søvn på julekvelden, og vaknar ikkje opp att før etter 13 døgn. Då har han drøymt at han har reist over Gjallarbrua til dødsriket. Han ser inn i Paradis, han ser dei grufulle straffane som ventar syndarar i Helvete og blir til slutt vitne til dommedag i Brokksvalin.

13. dag jul vaknar Olav Åsteson opp frå draumen, salar på hesten sin og rir til kyrkja. Så set han seg i kyrkjedøra og syng ut heile den underlege draumen sin for kyrkjelyden.

Draumkvedet er eit visjonsdikt, truleg frå slutten av mellomalderen. Mange komponistar, som Ludvig M. Lindemann, David Monrad Johansen, Sparre Olsen, Eivind Groven og Arne Nordheim har latt seg inspirere til å komponere nye versjonar av visjonsdiktet.

Kjøp billetter her



Powered by Labrador CMS