Fire personer som viser fram ei innsamlingsbøsse.
Åsskard-konfirmantane Mathea og John Stinus saman med KN-kontakt Bernt Bøe og sjåfør-mor Torhild Bæverfjord.

Klare til aksjon

Tysdagens Fasteaksjon for Kirkens Nødhjelp mønstrar litt av eit hjelpekorps!

Publisert

Ikkje mindre enn eit 40-tal surnadalskonfirmantar (og mange vaksne) går denne kvelden dør-til-dør som bøsseberarar. Dei er med på landets nest største innsamlingsaksjon.

Fredag var dei saman med føresette og folk frå lokalkyrkja samla til inspirasjonskveld.

Her presenterte KN-leiar i Surnadal, Gro Hauge Venås aksjonsopplegget – assistert av prost Vidar Rygh og konfirmantlærar Elsa Jensvold.

Ei dame som snakker i mikrofon for flere mennesker.
Gro Hauge Venås og Vidar Rygh (bak) skapte optimisme for fasteaksjonen.
Flere mennesker samlet rundt et bord. De organiserer noen papirer.
Liv Marit Polden og Janne Husby (t.h.) organiserer konfirmantar i Øye og Ranes.
Mange mennesker samlet rundt et bord.
Stangvik har eit både mannsterkt og optimistisk korps.

Det monnar!

Hovudinntrykket var: Det monnar! Filmsnuttar der tenåringar frå Libanon og Tanzania viste resultat av KN sitt arbeid, var aha-opplevingar for forsamlinga. KN sin ungdomsorganisasjon Changemaker dokumenterte – i tråd med namnet – at innsamla midlar «gjer ein forskjell».

Ein (munter!) video med TV-kjendisen Vegard Harm, som skulle klare seg ein dag utan noko så elementært som vatn, synte tydeleg kor kritisk det er at 800 millionar menneske ikkje har skikkeleg vasstilgang. KN-mottoet «Det er håp i ein drope vatn» fekk brutal aktualitet.

Da var det fint å slå fast at fjorårets innsamling i Surnadal (over 130.000 kroner), kan reknast om til vassforsyning for ein stor landsby!

Ja, det er bryet verdt!

Så da vi spurte nokre av bøsseberarane om dei grua seg til jobben tysdag kveld, kom eit spontant «Nei da!» til svar Dei syntest det er bryet verdt å ofre eit par kveldstimar når ein i praksis er med og bergar liv!

Med gode råd på vegen, blant anna videoen med bøsseberar «Jonas» om korleis ein IKKJE oppnår goodwill hos gjevarane, kan dei over førti tenåringane trøstefullt gå dør-til-dør.

For – som fleire innsamlarar sa etter fjorårets aksjonskveld: - Mange stod klare med pengane og sa at dei venta på oss!

Powered by Labrador CMS