Klart for fasteaksjonen:
Årets innsatskveld
Tysdag gjer 15-åringane og gode gjevarar årets kjempeinnsats. Kirkens Nødhjelps fasteaksjon skaper underverk der det trengst.
Fredag var det inspirasjonskveld for konfirmantar og foreldre i Surnadal, leia av diakon Gro Hauge Venås og prost Vidar Rygh. Videoglimt og appell gav innblikk i korleis dør-til-dør-aksjonen fungerer og i det fantastiske resultatet den skaper.
Aksjonens motto er «Håp i ein drope vatn». Utanom rask innsats ved akutte katastrofer satsar Kirkens Nødhjelp på permanent vassforsyning i tørkeramma land - viktig for matproduksjon, helse og hygiene. Med si effektive utbygging reknar KN at 30.000 kr i snitt skaffar varig vatn heime til 100 menneske - som elles må gå i timevis etter eit spann med (ofte ureint) vatn.
Konfirmantane nøkkelmannskap
Rundt i alle kommunar er konfirmantane nøkkelmannskap i landets nest største innsamlingsaksjon. (Berre TV-innsamlinga er større.)
– For eksempel skaffa Surnadal over 126.000 kr denne kvelden i fjor, opplyste Vidar Rygh.
– Summen frå konfirmant-aksjonen her tilsvarar ny og varig vassforsyning til over 400 menneske – nesten innbyggjartalet i Mo sokn!
Dei lokale kyrkjesokna organiserer innsamlinga – eit tiltak som «endrar liv i over 20 land», slik KN uttrykkjer det. På info-møtet fekk deltakarane gode råd for tysdagens aksjonskveld.
Folk er positive
Erfaringane frå tidlegare er at folk i hus og heimar er positive og gåvmilde - anten dei gir kontantar i fastebøssa eller yter si gåve til vips-nummer 2426. - Ja, mange står klare og seier dei har venta på oss, fortel bøsseberarane.
Tysdag skjer altså årets store dugnad - landet over!