Konfirmantane tolka Fadervår med talande bevegelse under gudstenesta

Ungdommeleg kyrkjedag

Publisert

I seg sjøl har Maria Bodskaps dag eit ungdommeleg innhald - med tekster om tenåringsjenta som vart Jesu mor. I Stangvik kyrkje kasta også konfirmantar og 6-åringar glans over denne lysaste dagen i fastetida.

Samtale pregar no den tidlegare overhøringsgudstenesta. Kunnskap og oppleving står framleis i fokus, men ikkje som «overhøvling», slik somme ironisk beskreiv denne dagen før i tida!

Samtale om trusspørsmål

Prest Cathrine Grutle og konfirmantane frå Stangvik, Todalen og Åsskard hadde to førebudde samtalebolkar i gudstenesta. Her belyste dei sentrale trusspørsmål, tankar om konfirmasjonen og opplevinga av gudstenester og undervisningstimar.

Det kom fram interessante tankar frå dei unge. Vi høyrde djupe refleksjonar om at alle er velkomne hos Gud, at Jesus er Guds Son og at dåpen fører oss inn i kristent fellesskap.

Prest Cathrine Grutle (t.v.) leiar øving til ein av samtalebolkane

Ris og ros

Innimellom glimta humoren til: - Konfirmasjonsdagen er den dagen i livet ditt da du får best betalt! svara ein. Prestetimane fekk både ris og ros – fellesskapet er positivt, like eins å få svar på spørsmål ein brenn med. Gudstenestene kan vera kjedelege, men betre når ein får hjelpe til. Og musikken scorar bra, aller best jazzprega postludium!

6-årsbok, saft og kake

Den yngste garde var også med denne søndagen – som i inngangsprosesjonen «Så pynter vi vårt hus til fest» og da 6-åringane frå Stangvik fekk utdelt kvar si kyrkjebok. Desse overrekte truslærar Elsa Jensvold og Berit Anne Røkkum på vegner av kyrkjelyden.

Songane hadde ungt og friskt preg denne dagen – anført av ei dyktig vaksengruppe på galleriet.

Både Fadervår og viser frå 6-årsboka var gjenstand for pantomime – delvis med utfordring til folk i benkane.

Kyrkjevertane Marit Hyldbakk og Møyfrid Torvik serverte kaffe, saft og sjokoladekake. Kyrkjetenar Marit Glærum sørga for lys og varme, lyd og teknisk orden. Soknerådsleiar Rannveig Brøske innleia med helsing og tok elles ansvar – m.a. for kyrkjelydens kunngjeringar.

Forsongargruppa denne dagen bestod av Randi Bøe (frå venstre), Rannveig Brøske, Anne Kristine Bævre, Berit Anne Røkkum og Haldis Vitsø - pluss Bjarne Røen og Per Arne Hyldbakk, som ikkje er med på dette biletet.
Powered by Labrador CMS