ANNONSE, Surnadal Kino:
Til å bli skremt av
«Rystende god», skreiv VG om den oscarnominerte danske filmen JAKTEN som Filmklubben viser onsdag 4. mars kl. 12.
Rystande god er også Mads Mikkelsen i hovudrolla, godt kjent frå filmar som «Et glass til», «Bastarden» og som skurk i Bond-filmen «Casino Royale».
I JAKTEN (2012) spelar han ein barnehagetilsett, attpåtil av dei mest populære, heilt til ei lita jente påstår han har blotta seg for ho.
Kritikkane er, i det store, veldig gode og filmen har også fått tilsvarande publikumsrespons med eit snitt på 8,3 poeng på nettstaden imdb.com.
Siste skrik
Det tok tretti år frå Kevin Williamson skreiv manuset til den første SCREAM-filmen, til han no avsluttar med den sjuande i serien. Fleire har vore med på reisa og både Neve Campbell og Courtney Cox har overlevd drapsforsøka frå dei «Skrik-maskerte», i alle fall så langt. Og Courtney Cox, mest kjent som Rachel frå «Friends», verkar framleis å vere stiv av skrekk. Men om det skuldast botox eller «Ghostface», er ikkje lett å vite. Filmfolka skal i alle fall ha det: Dei har verkeleg gjort sitt til at Edvard Munchs «Skrik» er eitt av dei mest kjente kunstverka i verda.
SCREAM 7 (aldersgrense 15 år) skal altså vere det siste skriket i serien, så no får dei horrorfrelste endeleg vite kven som får det siste stikket.
Best å halde seg på land
Kinoen er heller ikkje ferdig med KRAKEN (12 år), sjømonsteret som er veldig ugrei mot ganske mange i Sognefjorden. Kraken vart først omtalt på 1600-talet som ein slags gedigen blekksprut som kunne dra skip ned i djupet i Norskehavet. I filmen har altså monsteret trekt innaskjers og KRAKEN vart allereie i mai i fjor selt til 38 land. Sunnmøringen Pål Øie står for regien. Han har tidlegare hatt suksess med «Tunnelen» og dei to «Villmark»-filmane (der den siste gjekk på NRK i helga).
Meir om filmane og tider finn du på https://surnadal-kulturhus.no/